Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ROSS MARTIN / MAX JOHNSON / JEFF DAVIS

«Big Eyed Rabbit»
NOT TWO RECORDS MW 916-2

Bassist Max Johnson og trommeslagar Jeff Davis er kjende figurar i det pulserande og kreative jazzmiljøet i Brooklyn. Dei er å finna på plater og konsertar med folk som Kris Davis, Ingrid Laubrock og Eivind Opsvik (som også har miksa denne plata). Texas-fødde Ross Martin har etter mange år med omflakkande tilvere slått seg til i Brooklyn. Musikalsk har Martin ført eit like omflakkande liv.

At ein finn låtar som «Cluck Old Hen», «Brown Country Breakdown» og «My Last Days on Earth», den første ein tradisjonell og dei to sist av bluegrass-legenden Bill Monroe, er truleg Martin si forteneste.

Musikken på denne utgjevinga er ein fornøyeleg miks av bluegrass, country og frijazz. Det heile er meir spenstig enn spesielt. «Brown Country Breakdown» tøyer og turnerer dei med stort frimot med supre kor av både Martin og Johnson.

Davis sin vakre «One of My Happiness» har eit Frisell’sk drag over seg med ein tilbakelent sving og eit kort, naivistisk tema. Endå meir fengande er Johnsons «Fisherman’s Footlocker», ein låt som kunne bygd ei tradisjonell vise frå våre kantar av verda. Her tar trioen han heilt ut i bogekoret til Johnson. Etter ein fri intro blir Monroes «Last Days on Earth» spelt i eit tempo og med eit vemod som eg ikkje har høyrt frå komponisten eller andre tolkarar frå bluegrass-leiren.

Sjangerblanding, javel, men på merkeleg vis heilstøypt. Lytt til trioen Martin, Johnson og Davis. Dei fortener det.

Lars Mossefinn

Ross Martin (g), Max Johnson (b), Jeff Davis (dr)

Skriv et svar