Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

SHINYA FUKUMORI TRIO

«For 2 Akis»
ECM 2574

Japanske Shinya Fukumori forlét heimlandet som 17-åring for å studera musikk i USA. Ikkje overraskande enda det opp på Berklee i Boston, men han måtte flytta til München for å finna sine noverande samarbeidspartnarar. Tyske Walter Lang og franske Matthieu Bordenave passar perfekt inn i Fukumoris musikalske univers. «For 2 Akis» er så ECM’sk som det går an. Musikken blei spelt inn for eit år sidan i La Buissonne-studioet i Rhone-dalen. Sjølvsagt er Manfred Eicher produsent.

Fukumori har skrive det meste av musikken, men også dei to andre har levert sine bidrag. I tillegg har trioen plukka ut nokre komposisjonar frå den japanske songskatten, m.a. Rentaro Takis «Kojo No Tsuki», den innsmigrande poplåten «Mangetsu No Yube» av Takashi Nakagawa og Hiroshi Yamaguchi og Kenji Miyazawas «Hoshi Meguri No Uta». Sistnemnde ein nydeleg melodisk pentatonisk sak som opnar og avsluttar plata.

Det heile blir helde i eit ballade-tempo, og mykje av musikken blir framført rubato der Fukumoris Paul Motian-påverknad blir meir enn tydeleg. Bordenave har ein luftig, eterisk tenortone som til tider kan ha klarinettkarakteristikk. Lang held det heile saman med pianospelet sitt.

Det er ikkje tvil om at dei tre dyrkar den same musikalske estetikken. Det blir aldri pusta anna enn varsamt i glørne, men det er ein stillfaren heilskap som fascinerer. Det meditative i musikken står i sentrum, og det er gjort med stil.

Lars Mossefinn

Matthieu Bordenave (ts), Walter Lang (p) og Shinya Fukumori (dr)

Skriv et svar