Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

SINNE EEG

«Face The Music»
STUNT RECORDS STUCD 14042

Danske Sinne Eeg er ein av dei leiande danske vokalistane innanfor eit mainstream uttrykk. Ho har også sin tilhengarskare her på berget etter fleire festivalvitjingar. Den femte plata i eige namn er ein miks av eigenkomponert stoff og velkjende låtar frå den store amerikanske songboka. Verd å merka seg blant det sjølvkomponerte er den harmonisk enkle balladen «The Best i Ever Had» – om ulukkeleg kjærleik… sjølvsagt, men vakkert er det.

Sinne Eeg nyttar også musikarar ho har hatt med på tidlegare innspelingar. Trygge musikalske omgjevnader m.a.o. Det profitterer plata på. Det er ein gjennomgåande tilbakelent stemning inn i mellom med ein latinsk vri. Arrangementa har eit minimalistisk preg, men det fungerer. Duoen med bassist Thomas Fonnesbæk på «Caravan» er eit leikent døme på akkurat dette. Elles opnar Eeg i liten grad for improvisatorisk utfalding. Når bandet får sjansen, tek dei vel vare på han. Det gjer dei i særleg grad Irving Berlins «Let’s Face The Music And Dance». Morten Lunds trommespel på denne låten er ein bonus i seg sjølv.

Eeg hentar inspirasjon frå fleire av dei amerikanske jazzdivaene. På denne plata er spora etter Sarah Vaughan tydelegast. Ho syng med stor autoritet og sikker, nyansert frasering. Plata stadfester Eegs posisjon som ei leiande røyst i dansk jazz.

Lars Mossefinn

Sinne Eeg (v), Jacob Christoffersen (p), Morten Ramsbøl og Thomas Fonnesbæk (7, 11) (b), Morten Lund (dr), Michael Bladt (fl og ss 1, 9) og Jesper Riis (tp og flh 1, 9)