Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

TRYGVE SEIM

«Helsinki Songs»
ECM 2607

Trygve Seim er attende i kvartettformatet med elleve nye komposisjonar. Dei fleste er skrivne under eit opphald i eit husvære stilt til rådvelde av den finske komponistforeininga i Helsinki, difor tittelen.

Seim har unngått kvartetten til fordel for større ensemble eller duoar. Kanskje umedvite, seier han sjølv, men no er han altså attende med ein klassisk jazzkvartett. Om formatet og instrumentariet er klassisk, så er musikken så til dei grader Trygve Seim’sk.

Opningssporet «Sol’s Song» kunne like gjerne vore ein del av repertoaret til «Belonging-kvartetten». Dette er ei hylling til Seim si dotter. Også eldsteguten har fått sin dedikasjon gjennom nok ei melodisk perle «Ciaccona per Embrik». Kvartetten har ei fabelaktig evne til å spela enkelt!

Det knyter seg ein anekdote til «Birthday Song». Seim gav Mats Eilertsen ei Moleskin notisbok med noteark der Seim hadde skrive inn fire tonar og ein akkord med ei oppmoding til Eilertsen om å fullføra. Enda på visa (bokstavleg tala) var at Seim avslutta bursdagsfeiringa med å fullføra låten sjølv før han gjekk og la seg. (Så vil tida visa om ein får «Birthday Song – Mats’ version».) Denne versjonen set fokus på sogeforteljaren Seim. Dei tre andre fargelegg i rubato tempo og får fram alle nyansar i Seim si forteljing.

Introen på «Morning Song» hintar sterkt til Jimmy Webbs «The Moon Is A Harsh Mistress», og Seim har laga ein avslutning på låten som ein gest til Webb, men alt i mellom er Trygve Seim på sitt beste og er eit av høgdepunkta på plata. Også her får sogeforteljaren Seim verkeleg får vist seg fram.

Det er tydeleg at medmusikantane gjev Seim dei svar han har vore på jakt etter hjå ein kvartett. Alle saman spelar på eit breitt register og syner sterk fleksibilitet.

Seims interesse for arabisk og indisk musikk og beundringa han har for den armenske dudukviruosen Djivan Gasparyan finn ein spor av også på denne plata, t.d. i «Sorrow March» og «New Beginning», men det er nok ei inspirasjonskjelde frå ungdomen som set sitt sterkaste preg på denne plata, nemleg Jan Garbarek. Seim sin fasinasjon for historieforteljaren Garbarek er velkjent, og på denne plata har det gjeve tydeleg inspirasjon. Seim gjer det på sin måte saman med eit stjernelag. Det blir ikkje betre enn dette, berre annleis.

Lars Mossefinn

Trygve Seim (ts, ss), Kristjan Randalu (p), Mats Eilertsen (b) og Markku Ounaskari (dr)

[amazon_link asins=’B07D58DCWY’ template=’salt-peanuts-amazon-link-NO’ store=’salt-peanuts-21′ marketplace=’UK’ link_id=’4e082b3f-b0fe-11e8-ae3c-412aa9d654d9′]

Skriv et svar