Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

«World ConneXions» på Førdefestivalen

Det er musikk frå heile verda som står på programmet når Førdefestivalen, eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i  Norge, 1.-5. juli  inviterer til si 26. utgåve. På plakaten står internasjonale namn som legendariske Toto La Momposina (bildet), superduoen Catrin Finch & Seckou Keita, koreanske Noreum Machi og russiske Otava Yo, og ei rekkje sterke norske namn og plateaktuelle artistar.

Programmet omfattar fleire ny-produksjonar og samproduksjonar; mellom anna ein FRIKAR-verdspremiere. I tillegg til små og store konsertsalar i kulturhuset, tek festivalen i bruk både parken, ein fjelltopp, barnehagar, private heimar, gater og torg, fjellgardar, museum og kyrkje; i alt 30 ulike scener i heile 6 kommunar.

«World ConneXions», er temaet i Førde i år, og i tre eigne produksjonar, «Vocal ConneXions», «String ConneXions» og «Dance ConneXions», fokuserer festivalen på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar. – Nye musikkopplevingar og ny kunnskap for publikum er målet når vi lagar nye produksjonar, fortel Bjørkum. – Vi går ikkje etter «kjendisartistar», men artistane våre er likevel nøye utvalde frå øvste hylle! Oppdraget vårt som knutepunktfestival er nettopp å presentere detingen andre har. – Førdefestivalen går andre vegar, og gjev folk noko dei kanskje ikkje visste dei ville setje stor pris på, avsluttar festivaldirektøren.

Verdspremiere for FRIKAR-framsyning
Alt onsdag kveld på festivalen er det klart verdspremiere på FRIKAR Dansekompani si nye framsyning «GotoGuta». –Det er berre å spenne fast setebelta når hallingdansarane fyller scena med akrobatiske hallingkast i kjend stil og berre to dagar seinare er det duka for meir norsk dans når danseensemblet VILLNISS entrar scena med framsyninga «Årstidene», fortel Bjørkum.

Plateaktuelle artistar og to studentspelemannslag frå Norge
Festivalen har i år sikra seg fleire plateaktuelle norske artistar; som SVER, powerbandet i norsk folkemusikk, den norsk-finske trioen Linda Gytri og spellemannsnominerte Sandum Trio. Også brørne Knut og Ole Aastad Bråten står på plakaten. Dei kjem med si første langeleikplate i vår, og vert å høyre på idylliske Jølstramuseet torsdag 2. juli. -Det er også stas å hente Team GløsTøs, studentspelemannslaget som vart etablert i Trondheim på 90-talet. Dette er eit 20-tals unge, energiske og dyktige felespelarar, som elskar å spele opp til fest! seier Bjørkum. Til dansespel har festivalen også booka Firda spelemannslag, eit nytt friskt pust frå den lokale musikkfloraen, i tillegg til fjorårets Norgesmeistrar i runddansspel, Bjørkås Kvintett.

Cumbia, semba, ørkensoul og russisk «folk-humor»
I spissen for eit internasjonalt stjernelag av artistar kjem ingen ringare enn den legendariske Toto La Momposina, som i ein alder av 74 år framleis bergtek publikum med sin sensuelle og heftige cumbia. Colombia har sin cumbia, og Angola har sin semba; og dei har Paulo Flores, som også kjem til Førde! Det same gjer Khaira Arby med sin suggererande ørkensoul frå Mali, og den Egyptisk-engelske verdsstjerna Natacha Atlas. Ho kjem med stort heilakustisk orkester og arabiske tonar og rytmar med 1001-natt-stemning. Frå Russland kjem kultbandet Otava Yo, som gjer sin heilt spesielle versjon av russisk folkemusik, og Janusz Prusinowski Kompania og den klassiske pianisten Janusz Olejniczak, kjend frå filmen «Pianisten», viser samanhengane mellom polsk tradisjonsmusikk og Chopins masurkaer.

Kathak og flamenco i Dance ConneXions
Det er ikkje berre norsk dans som vert presentert på festivalen. «Dance ConneXions», ein av tre temaproduksjonar på festivalen, viser samanheng og likskapar mellom to av verdas mest uttrykksfulle dansetradisjonar: Indisk kathakdans og spansk flamenco. Dansarane i framsyninga er legendene indiske Mahua Shankar og spanske Pilar Astola, som kjem med kvar sine ensemble til Førde.
I produksjonen «String ConneXions» møtest meisterutøvarar på understrengsinstrument frå fire ulike land for første gong i Førde.– Det blir formidable klangopplevingar når Gro Marie Svidal og hennar tre kollegaer frå Bulgaria, Sverige og India set over 80 strengar i vibrasjon, trur festivaldirektør Hilde Bjørkum. I «Vocal ConneXions» handlar det om fellestrekk i europeiske vokaltradisjonar, der Unni Løvlid møter songarar frå Bulgaria, Frankrike, Finland og Skottland.

Perkusjon frå Sør Korea og vassdokketeater frå Vietnam
Ei av dei langvegsfarande artistane på årets festival, og som aldri før har vore i Norge, er Noreum Machi. Dei er det heitaste folkemusikkbandet i Sør-Korea, og miksar høgintensiv perkusjon med folkemusikk og folkedans til ei forrykande, publikumsvennleg framsyning. Ei gruppe om muleg har endå lengre reise til Førde, er Vietnam Water Puppetry som kjem med dokkeførarar, musikarar, dokker, instrument og eige basseng. Vassdokketeater er ein heilt spesiell tradisjon i Vietnam, og festivaldirektøren ser fram til å få vise det i Førde. – Det er eit utruleg krevjande prosjekt vi har jobba lenge for å få til. No lukkast vi endeleg! fortel Hilde Bjørkum.

Festival for heile familien – Overnattingstur og blåtur på sykkel
– Vi legg vekt på eit program med tilbod til publikum i alle aldrar. I år har vi barneframsyninga «Danse, sa fela!» med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet. I tillegg inviterer vi for aller første gong born med på overnattingstur med innlagt kvelds- og morgonkonsert. Turen er i samarbeid med Barnas Turlag, fortel festivaldirektøren. Eit anna nytt konsept festivalen lanserer i år, er blåtur på sykkel til konsert med svenske Ulrika Bodén på ein heilt ny festivalarena i Førde sentrum. I år vert det også for første gong festivalarrangement i Høyanger, der Giorgos Xylouris ensemble frå Kreta skal skape gresk tavernastemning. Høyanger er ein av i alt fem kommunar som får konsertar under festivalen.

**********

Førdefestivalen er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert gjennom rundt 90 ulike festivalarrangement til 25-30 000 besøkande. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for festivalen. Dei fem siste åra er Førdefestivalen kåra som ein av dei 25 beste i sitt slag i verda av det internasjonale tidsskriftet Songlines. I 2014 vart festivalen ranka på the Guardian si topp 10-liste over beste småbyfestivalar i Europa, som einaste norske festival. 1.-5. juli 2015 vert festivalen arrangert for 26. gong. Programinformasjon og andre opplysningar på

www.fordefestival.no

Foto: Ignacio Nacho

Skriv et svar