
Ekse tek nok eit steg
For knapt eit år sidan melde underteikna Salmeblues, ei utgjeving som stod på to bein – norsk salmetradisjon og amerikansk gospel. Salmeblues II er ikkje overraskande ei vidareføring.
Som første plata er også denne omgjeven av ein intro og ein outro. Dei ti andre låtane er meir eller mindre kjent stoff. Repertoaret henta frå den amerikanske tradisjonen er kjente låtar som den tradisjonelle «Wayfaring pilgrim», Tony Joe Whites «Backwoods Preacher Man», Creedence Clearwater Revivals «Commotion» og Jimmy Webbs «The Moon Is A Harsh Mistress». I det norske salmematerialet har Ekse bruk ein del folketonar med lokalt opphav som gjev ein fin vri på eit elles velkjent repertoar.
Den viktigaste skilnaden frå førre plata er at Ekse som gitarist har teke plass fremst i rampeljoset. Han spelar stilsikkert med eit tydeleg formspråk. Ein merkar at Gary Moore har vore inspirasjonskjelde, men det blir aldri pretensiøst og overlessa. Vel gjennomført med god hjelp frå Opheim, Hammersland og Ringsby!
Lars Mossefinn
Oddvar Ekse (guitars, vocals, bass, banjo, mandolin, oud, harmonica) Lars Hammersland (keyboards), Annelise Ringsby (vocals), Kåre Opheim (drums, percussion)






















