JAZZ PÅ JØLST, SKEI I JØLSTER, 10. – 11. OKTOBER 2025: Å koma til Skei i Jølster i veke 41 og vita at du står framføre ei helg med jazz som du normalt sett måtte ha vore i storbyen for å oppleva, skapar forventning. «Godt å sjå deg», helsar klubb- og festivalleiar Hallvar Helgheim (bror til den legendariske jazzjournalisten Roald). «Beklagar festivalvêret», legg han til. Eg takkar leike eins og legg til at dette med vêret treng han ikkje beklaga. Jølster er sikkert vakrast når haustsol i bakkane blenkjer, men å stå på balkongen til rom 301 og sjå inn i skoddehavet utover Jølstravatnet i retning Vassenden, set deg i rette festivalstemninga.
Jølster jazzklubb og festivalen Jazz på Jølst blei grunnlagt i 2010. Dette var m.a.o. den 16. festivalen i rekkja. Malen er fire konsertar på hotellet, to fredag og to laurdag. På dagtid laurdagen kan ein få med seg barnekonsert og konsert med elevar ved Firda vidaregåande skule. På torsdagen inviterer dei til musikalsk førespel – dette året med Karl Seglems folkjazzkvartett, og dei rundar av med jazzgudsteneste sundagen.
Gabriela Garrubos musikalske univers
Den brasiliansk ætta vokalisten og komponisten Gabriela Garrubo, som har gjort Noreg til nytt heimland, har etterkvart fått eit namn i jazzkrinsar. Debutplata Rodando frå mai 2023 blei lagt merke til. På Jazz på Jølst kom ho med den regulære kvintetten sin med Johannes Nøkling Aagaard (gitar), Andreas Svabø (bass), Xander Crook (trommer), og Audun Humberset (perkusjon). Sjølv syng ho og trakterer innimellom pianoet.
Musikken hennar er ein miks av brasiliansk musikk, jazz og ymse populærmusikalske retningar. Brasiliansk musikk er utruleg rik og femner om langt meir enn det ein til vanleg får servert av bossa nova og samba. Garrubo dreg solide vekslar på denne rike musikktradisjonen. Ho syng på portugisisk og engelsk, og tekstane har stort sett sentrallyrisk tematikk. Vokaluttrykket er ei særeigen blanding av brasiliansk og klassisk skulering. Ho har ei detaljrik frasering med imponerande dynamisk kontroll.
Ho fekk vist alt dette på konserten i tillegg til eit scenenærvær som nærast verkar medfødd. Dønn naturleg, men autoriteten har vakse. Denne meldaren har høyrt Garrubo ei handfull gonger. Ho er tryggare for kvar gong eg høyrer henne. Det mest gledelege var likevel korleis dei nemnde vokalkvalitetane har vakse seg saman med bandet. Samtalen dei fem har gåande på scenen er av det raffinerte slaget. Aagaard er ein slags katalysator og Svabø er berebjelken, og dialogen mellom Crook og Humberset er krydder! Musikken var i all hovudsak henta frå nemnde Rodando, men her har det skjedd ei mengd justeringar på arrangementa, nokre meir grunnleggjande enn andre. Likevel, det var Gabriela Garrubos musikalske univers, og der er det framleis gildt å vera.
Hayden Powells Undergrowth i konsertversjon
I omtalen min av plata Undergrowth i Dag og tid i januar i år skreiv eg: «Det er ein sekstett som let strålande på plate og som garantert let minst like godt på konsert». Dette er ikkje eit spesielt profetisk utsegn om eit jazzband, men konserten fredagskvelden prova påstanden til overmål.
Powell (trompet) hadde med seg vikaren Karl Hjalmar Nyberg (tenorsaksofon), men resten av sekstetten, Mari Giske (bratsj), Stein Urheim (gitar), Jo Skaansar (bass) og Erik Nylander (trommer) er med på plata. Musikken var stort sett også henta frå nemnde plate med «Holumskoge»» som opningsnummer. Eg heldt «Tartufo» for å vera høgdepunktet på plata, og konsertversjonen var om mogeleg endå meir samansett og skiftande enn plateversjonen med bratsjen som musikalsk trafikkdirigent.
Noko av det mest fascinerande med konsertversjonen av Undergrowth var korleis dei mange solistiske ytringane også representerte snunad i musikken og at dette kjendest heilt naturleg. Roa og autoriteten ensemblet viste på scenen var eineståande. Høgdepunktet på konserten kom midtvegs, først med finalen på «Sun Chorale», ein aldeles nydeleg duo med Berg og Urheim. På «Galaxies» spelte dei kvartett med trompet, saksofon, bass og trommer. Det kan kanskje opplevast som eit paradoks at høgdepunktet blei nådd i den sekvensen der det musikalske forløpet var som mest tradisjonelt, men dette var musikalsk samtale på absolutt høgaste nivå med eit samspel mellom Skaansar og Nylander som var tilnærma hypnotisk. Ikkje rart at publikum krov ekstranummer.
For barn og familie
Tradisjonen tru inviterte festivalen til barne-/familiekonsert på det særmerkte kafé/butikk-konseptet «Brunsj og briller». Trio-Tricolor (Gabriela Garrubo (vokal og perkusjon), Per Olav Kobberstad (gitar og vokal) og Audun Humberset (perkusjon og vokal)) hadde invitert publikum «… til å klappe eller spele på ulike kroppsdelar – eller synge og lage rytmar med lydar eller ord», kunne programheftet fortelja.
Å laga konsertar for born krev ein annan type kommunikasjon enn til eit vakse publikum. Trioen hadde ikkje teke dette aspektet innover seg i tilstrekkeleg grad, og sjølv om Humberset har eit vesen, veremåte og instrumentarium som appellerer til ungane, så greidde ikkje trioen å få til den medverknaden frå dei yngste som konseptet inviterte til. Når det likevel blei ei svært hyggeleg stund for ungar, foreldre og besteforeldre, så skuldast det at musikken er så gladlynt og lett tilgjengeleg og trioen osar speleglede.
Ungdomsjazzen overgjekk alle forventningar
Ein minst like god tradisjon har festivalen i å invitera til jazz i andre høgda kl. 14.00 på Audhild Viken vevstove. Her byr dei på musikalsk møte med elevar frå Firda vidaregåande skule. Eg blei imponert over det som blei servert i 2023, men Villspor med Håkon V. Elvekrok (piano), Emil K. Knagenhjelm (gitar), Julie U. Berge (vokal), Vilborg A. Jonsdottir (gitar og vokal), Sondre Devik (saksofon og perkusjon), Silje Øisang (tverrfløyte og vokal), Håvard Lie (bass) og Torgrim Stegane (trommer) overgjekk alle forventningar. Repertoaret var mangfaldig og krevjande, men dei var på høgd med situasjonen til ei kvar tid. Arrangementet til Chick Coreas «Spain» sat som støypt, og spesielt Øisang avslørte både instrumentalteknikk og scenenærvær på høgt nivå.
Dei spelte i alt åtte melodiar som strekte seg frå Amanda Ginsburgs slentrande «Havsmelodi» og Joni Mitchells «The Dry Cleaner from Des Moines» med bassisten i skikkeleg Jaco Pastorius-modus til «Lullaby of Birdland» og bop-klassikaren «Now’s The Time». På sistnemnde kasta Devik seg frampå med å laga Parker-låten om til eit populærmusikalsk potpurri der ein såg litt stort på slike ting som toneart o.l., men friskt og vågalt gjort! Dei avslutta med ein flott versjon av Steely Dans «Your Gold Theeth II» frå albumet Katy Lied (1975). Villspor fekk velfortent stormande trampeklapp.
Mathias Eick leverte med vikarar og på krykker
Eg må hugsa attende til Knut Borges velmaktsdagar for å finna ein konsertintroduksjon som har gjort eit slikt inntrykk som Gerd Sundes i førekant av Mathias Eick-konserten (hovudbiletet). Personleg og språkleg elegant! Om det var den flotte introduksjonen som fekk Eick & Co å levera ein så inspirert konsert, veit eg ikkje, men kapellmeisteren sjølv kom direkte frå New York på krykkjer. Den nye plata til Eick, Lullaby, er proppfull av vakre låtar, og dei er framført av eit nytt band med Kristjan Randalu (piano), Ole Morten Vågan (bass) og Hans Hulbækmo (trommer). Det hadde sjølvsagt vore stas å ha dette laget på plass i Jølster, men Håkon Aase (fiolin, perkusjon), Andreas Ulvo (piano), Audun Erlien (bass) og Torstein Lofthus (trommer) kjenner sin Eick og er på sett og vis perfekt match. Sjølv trakterte Eick trompet og tangentar i tillegg til å syngja.
Det byrja litt urovekkjande på låten «September». Ulvo hadde eit ope, lyrisk kor som Eick forsynte med synth-klangar. Det som på plata er florlette hint, blei på konserten nærast ein variant av musikalsk «no-fence», altfor høgt og dominerande, men, heldigvis, det gjentok seg ikkje. Resten av konserten blei eit sant svir av flotte soli og suverent ensemblespel der perlene frå Lullaby kom som erter or ein sekk. Det må vera lov å understreka Erliens rolle i ensemblet. Estetikken til Eick byggjer på dei lange vakre melodilinjene på toppen av eit alltid rastlaust pulserande rytmisk fundament. Ingen får gryta til å koka som Erlien!
På fest med Leah
Det var kanskje som ein gest til ungdomen som hadde gjort ein så fin figur på Audhild Vikens vevstove tidlegare på dagen at bandet Leah blei booka? Debutalbumet Zzz (2023) blei lagt merke til, ikkje minst låtskrivar Leah Engevold. Ho har skrive alle ti låtane og tekstar til desse. Ho har ein lett attkjenneleg stil. Musikalsk ligg det innanfor det ein kan kalla moderne r&b. Frå plata bør ein kanskje trekkja fram trombonisten Emil Bø, men han måtte melda forfall til konserten, så då måtte kollektivet Leah aksla seletøyet. Og denne kvelden framstod dei også slik. Leah Engevold (vokal, tangentar og låtskrivar), Kristina Fransson (trompet og vokal), Tevje Fjugstad Flaate (gitar), Henrik Bakka (bass) og Halvor Dokke (trommer) fekk publikum i festhumør utan at generasjonskløfta kom til syne!
Direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylke Per Morten Ekerhovd sa i opningstalen på fredag at han var spesielt glad i Jazz på Jølst fordi det var den einaste festivalen som ikkje søkte fylkeskommunal støtte. Om Helgheim & Co skulle finna på å søkja fylket om driftsstøtte for 2026, så kan dei gjera det med verdas beste samvit!
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Tore Sætre

Gabriela Garrubo

Gabriela Garrubo kvintett

Hayden Powell

Hayden Powell Undergrowth

Villspor

Villspor

Mathias Eick og Audun Erlien

Leah























