OSASALEN, VOSS, 26. AUGUST 2026: Det var eit snev av festivitas i Osasalen på sesongopninga til jazzklubben. Bandet Duesund, med Trine Duesund Straume, vokal, Øystein Folkedal, tangentinstrument, Simen Walle, gitar, Ask Viste, bass og Ivar Thormodsæter, trommer, gjev ut plate – og bok i desse dagar, og dette var lanseringskonserten.
Naturleg nok var det plata som stod i fokus, men Duesund Straume las også eit avsnitt frå boka. I 2024 gav Duesund ut Over Vannet. Oppfølgjaren har fått tittelen Under overflaten. Motivet er henta frå vatn/sjø/hav, men søkjer ein etter tematisk raude trådar, må ein leita etter konnotasjonar.
Ein konsert med Duesund er aldri keisam, og mykje av humoren verkar veldig spontan og trigga av augneblinken, medan andre ting er førebudd, men alt er framført upretensiøst og sjølvironisk.
Det sentrale er likevel musikken og tekstane. Duesund Straume har skrive alle dei ni låtane sjølv. Tekstane er ganske frie for metaforar som ei særmerkt blanding av tonesett terapi og filosofiske kvardagsrefleksjonar. Musikken er mangfaldig. Duesund Straume let seg inspirera av mange ulike musikalske retningar, men mykje av musikken har ein stenk av latinamerikansk påverknad. Sjølv når ho, etter eige utsegn, rir inn i det musikalske countrylandskapet, er det ein rytmisk understraum som ikkje er heimehøyrande på den amerikanske prærien. Som låtskrivar er Duesund Straume ein sjeldan plante. Den einaste eg assosierer med musikken hennar med er det nordnorske ikonet Terje Nilsen.
Både Folkedal og Walle fekk rikeleg rom til å utfalda seg solistisk, og dette løfta konserten. Også Viste var frampå i låten «Redd» (frå første plata). I låten «Løgner» inviterte ho Gaute Ullestad Moen opp til å spela eit svært høveleg kor på munnharpe.
Bandet var overraskande godt samspelt der Ivar Thormodsæter bak trommene må få ein stor del av æra. Han hadde full kontroll og tilførte musikken både dynamikk og driv.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

Duesund med Øystein Folkedal, Trine Duesund Strame, Simen Walle, Ask Viste og Ivar Thormodsæter
























