VOSS JAZZKLUBB, GAMLEKINOEN, VOSS, 15. APRIL 2026: Significant Time med Signe Irene Time, vokal og syntheziser, Øyvind Dale, piano og syntheziser, Fredrik Luhr Dietrichson, bass og Raymond Storaunet Lavik, trommer og perkusjon.
Øyvind Dale, som skriv det meste av musikken til Significant Time, har sans for kuriøse låttitlar, og på den tredje plata deira, Ekstatisk eufori (2025), har han teke heilt av. Det var også frå denne plata det meste av konsertrepertoaret var henta. Berre ein låt frå debutplata Regnbueponniens Significante Påskesang (2016) hadde fått plass, og merkeleg nok var andreplata Vossastubbar (2023) ikkje representert i det heile.
Konserten byrja og slutta med «Veldig fin sang … hva med å gjøre det fint? (skikkelig fint) …» Kanskje ikkje alle vil meina at låttittelen er dekkande, men dette sirkelkomposisjonsgrepet fungerte fint. Dale legg ei akkordrekkje oppå ein langvarig pressvirvel frå Lavik og Luhr Dietrichson og Time hektar seg på akkordrekkja. Så følgde tittellåten «Blablabla … ekstatisk eufori (hvis det i hele tatt er noe som heter det?)» … med fine detaljar i samspelet mellom bass og trommer. «Her og der … hvilket ord var det dr. Frost brukte nå igjen? Jo! eklektisk var det …» baud på fine kor både frå Luhr Dietrichson og Dale. «Bonding with My Body» er henta frå debutplata og gjev Time høve til å presentera temaet og improvisera over dette med sterkt bluespreg.
Då konserten var omme hadde dei vore gjennom alle ti låtane på Ekstatisk eufori, ein skikkeleg berg og dalbane av skiftande tempi og stemningar der det opne harmoniske og lause rytmiske blei kombinert med klare former og strukturar. Konserten blei krydra med den nydelege balladen «And The Girl Replies: … Laura I Know How (sic!) Killed You …» og svingsviska «Nichols And Dimes … Seeing You/See Me». Om syntheziserane hadde blitt fjerna frå instrumentariet, hadde eg ikkje protestert … Elles er Dale ein original komponist og tekstforfattar som Vossa Jazz bør vurdera for eit framtidig tingingsverk og solistisk tek han stadige steg. Soloen han hadde på «4262 Avaldsnes … kan hende jeg seiler min skute på grunn … men det er dog så deilig å fare! (H. Ibsen)» var berre overveldande!
Voss jazzklubb avslutta vårsesongen på beste vis. Til hausten er det duka for konsertar i Osasalen på Ole Bull akademiet i påvente av ein lenge etterlengta ombygging av Gamlekinoen.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie























