NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, ROTTERDAM, 15. JULI 2025, DAG 3: Ein festival på det jamne? Det er vel ein konklusjon som dekkjer både dei mange fine opplevingane og nokre solide nedturar. Festivalkonseptet er som det er. Likar du å stå i kø, er dette festivalen for deg. Festivalveteranar veit å unngå dei mest traumatiske sidene ved kø-livet. Det finst m.a.o. fleire overlevingsstrategiar. Overlevingsstrategien eg no følgjer er å gå på få konsertar, møta opp i god tid slik at eg får plass på første rad, og så sit eg heilt til siste slutt.
Ambrose Akinmusire with The Origami Harvest Nonet
Bandet har fått namn etter plata Akinmusire gav ut i 2018. I år er han aktuell med albumet Honey from A Winter Stone. Repertoaret frå denne utgjevinga blei framført på konserten med følgjande band – Ambrose Akinmusire (trompet), Kokayi (vokal), George Dumitriu og Pablo Rodríguez (fiolin), Yanna Pelser (bratsj), Thomas van Geelen (cello), Sam Harris (piano), Reggie Washington (bass) og Justin Brown (trommer).
Akinmusire er nærast stamgjest på festivalen, men i år hadde eg ekstra store forventningar fordi den nemnde plata gav grunnlag for det. Det er alltid spanande å høyra kva konsertversjonen blir til. Akinmusire skal ikkje skuldast for å dyrka ein musikalsk monokultur, og konserten blei på mange måtar eit prov på det. Ytterpunkta var representert gjennom den heilt spesielle songen/resitasjonen/rap-en til Kokayi og partia med strykekvartetten. Mest overraskande var den noko tilbaketrekte rollen Akinmusire spelte.
Alex Koo Trio
Belgiske Alex Koo (piano, vokal), Lennart Heyndels (bass) og Dre Pallemaerts (trommer) har gjeve ut plata Blame It on My Chromosomes på W.E.R.F. Records i år, og konserten var ei gjennomspeling av låtane på albumet (der han har omtalte Akinmusire som gjest på to låtar). Koo kombinerer spelinga med å vera professor i jazzpiano ved LUCA School of Arts in Leuven.
Koo skriv fine låtar og samspelet i trioen er tett. Pallemaerts må nemnast særskilt. Det var ein smakfull detaljrikdom i spelet hans som aldri tippa over. Imponerande var også hyllinga til Ennio Morricone «Eagle of The Sun». Slik innsmigrande plystring har eg ikkje høyrt sidan landsmannen Toots Thielemans sine glansdagar.
Karja/Renard/Wandinger
Kirke Karja (piano), Etienne Renard (bass) og Ludwig Wandinger (trommer) (hovedbilete) høyrde eg for fire år sidan i Tallinn. Utgåva eg høyrde på NSJF i år var ein langt skarpare kniv. Trioen har utvikla eit samspel som dreg vekslar på ein presisjon og dynamikk som trollbind. «We are dedicated to the art of free jazz, and we love you for being here», kommenterte Karja etter den første låten. (Då hadde 2/3 av dei som sat på første rad forlete konsertsalen.) Det fascinerer å høyra (og sjå) kor utvunge dei skiftar på å sitja i førarsetet.
Etter konserten spurte ei på stolen ved sida av meg om eg kom til å skriva fint om konserten. «Ja, det var ein storarta konsert, kanskje ein av dei beste på festivalen i år». «Eg kom her på måfå, men eg er glad for at eg valte nettopp denne konserten», svarte ho. Det er det beste med North Sea Jazz Festival – å kunna velja å la seg overraska/skuffa av noko heilt ukjent. Kjem ein på denne festivalen og vågar å vera kjerringa mot straumen, kan ein faktisk oppleva store ting.
Ein kan også oppleva det stikk motsette. Eg var ein snartur innom Kamasi Washington i storsalen Maas. Eg skal vedgå at eg hadde meir sans for det Washington dreiv på med tidleg i karrieren, men her blei inntrykket øydelagt av ein gjennomgåande dårleg lyd. Akustikken i rommet er så si sak, men instrumenta let matt og udistinkt. Eg gav ikkje Washington og lydfolka meir enn 10 minuttar. Like deprimerande var konserten med Kurt Elling og Yellowjackets, men av ein annan grunn. Her var lyden tilnærma perfekt, men konseptet låtane til Weather Report med tekst av Elling vart nett så hjelpelaust som tenkjast kan. Etter å ha stått rett opp og ned i vel ein time var venstre kne og festivalpsyken samde om at det var tid for å koma seg heim til hotellet. Saksofonisten Linda Sikhakhane, som stod på blokka i utgangspunktet, får orsaka meg. Eg lovar å koma sterkare att.
Tekst og foto: Lars Mossefinn

Alex Koo

Ambrose Akinmusire with The Origami Harvest Nonet























