Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Spenstig Osafestival

OSA-FESTIVALEN, VOSS, FREDAG 24. OKTOBER – SUNDAG 26. OKTOBER 2025: I programmet til årets festival legg festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland vekt på den renessansen folkemusikken har hjå dei unge. No dansar ungdomen til folkemusikk. Sjølvsagt set dette preg på årets Osafestival. Om det er noko som kjenneteiknar festivalprogramma i Heierlands regjeringstid så er det nettopp å ta pulsen på samtida. Med naudsynt forankring i tradisjonen, men Heierland følgjer òg i stor grad maksimen til ein god fiskerestaurant — med å ha «Dagens fangst» på menyen.

Strengjarhaugen spelemannslag – Voss sparebank, fredag kl. 12.00 (TK)
Voss sparebank er både en av sponsorene for Osafestivalen, og åsted for stikk-innom-konsert fredag med Strengjarhaugen spelemannslag. Strengjarhaugen er både navn på spelemannslaget og navnet på veien der Ole Bull Akademiet holder hus, der medlemmene i laget er studenter. I laget finner vi feler, trekkspill, gitar, mandolin, og flere spiller et instrument og synger. Medlemmene representerer også flere distrikter, som også gjenspeiles i repertoaret.

På repertoaret stod både bygdedansslåtter og gammeldansslåtter, såvel som et par ballader. Det aller meste forsiktig arrangert, og fremført stilsikkert og friskt i tett og fint samspill. Et par innslag med mindre besetning – lekker vokalduo med Hanne og Synne Kjøk, som sang balladen om Ramund den unge, og frisk solo springleik med Lina Brenden – ga nødvendige pustehull i et ellers høyenergisk program. Høydepunktet for denne anmelderen var Lovise Espelands tolkning av balladen om Nykkjen, etter Anders Lavik.

Banksjefen, som også hadde ønsket velkommen, opplyste etter konserten at det i år var ny publikumsrekord med 165 besøkende. De var alle strålende fornøyde med konserten!

Morgonrode – Gamlekinoen, fredag kl 16.30 (TK)
Konserten var fullsatt til bristepunktet av et entusiastisk publikum. Før Morgonrode gikk på, fikk vi en forrett, ved Åsmund Nesbakken Røynstrand, knapt tenåring, som gav oss hardingfeleslåtten Sylkjegulen med personlighet og sikkert rytmisk driv!

Så entret Morgonrode scenen, og en nødvendig finstemming av de utallige strengene bandet er satt opp med, ble faktisk en liten stemningsfull intro til første låt, som åpnet forsiktig med en sart vokalduo. Dette var starten på et 25 minutter langt sammenhengende sett, der de var innom flere låter, og vi fikk presentert mye av bandets særpreg. Lange klangflater, som går sømløst over i rytmiske seksjoner med basis både i folkemusikk-groover og jazzgroover; ofte med lange linjer i vokal og feler på toppen. Ofte svært enkle melodier; som i «Den som går ut», der melodien ligger på samme tone over et skiftende akkordunderlag.

Tilsynelatende er det to jazzmusikere (Andreas Winther og Fredrik Luhr Dietrichson) og tre folkemusikere (Helga Myhr, Selma French Bolstad og Rasmus Kjorstad) i bandet, men de ser ikke ut til å ta arbeidsfordelingen veldig seriøst. Ei heller forsøker de å opprettholde noe klart skille mellom genrene – de har utviklet sitt eget uttrykk, der vi nok kan spore elementer fra både de to nevnte genrene og endel andre, men det er neppe poenget.

Eller for å si det på en annen måte: er det noe poeng i å kalle dette folkemusikk? Ja, hvis man insisterer på å se dette som en videreutvikling av tradisjonen kan man jo alltids det. Men i så fall er kanskje mer poeng å snakke om videreutvikling av jazz og samtidsmusikk. Uansett: Morgonrodes musikk behøver ikke slike merkelapper for å nytes – den står trygt og godt på egne ben! For meg er det ikke først og fremst elementene fra de ulike genrene som gir mening, men det særegne klanglige universet som Morgonrode har utviklet, og som preget hele konserten.

Morgonrode består av Helga Myhr (hardingfele, vokal), Selma French Bolstad (fele, hardingfele, vokal), Rasmus Kjorstad (oktavfele, vokal), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og Andreas Skår Winther (trommer, perkusjon).

Lodestar Trio og Barokkanerne – Voss idrettshall, fredag kl. 19.00 (LM)
Plata Bach to Folk som Lodestar Trio gav ut i 2022 har med rette vekt oppsikt. Olav Luksengård Mjelva (hardingfele), Erik Rydvall (nøkkelharpe) og Max Baillie (fiolin) har arrangert fleire Bach-komposisjonar for dette særmerkte instrumentariet. Å kopla på barokkensemblet Barokkanerne låg nærast opp i dagen, og etterkvart som det gjekk seg til, blei det eit særs lukkeleg musikalsk møte.

Repertoaret dei spelte var i all hovudsak henta frå Bach to Folk. I femte låten stod Barokkanerne fram på eiga hand med ein låt av den austerriksk-italienske komponisten Giovanni Girolamo Kapsberger – også kjent under namna Johann(es) Hieronymus Kapsberger eller Giovanni Geronimo Kapsperger. Kapsberger (fødd 1580, død 1651) var millom anna ein virtuos på lutt og teorbe. Barokkanerne følgde vidare opp med ein arie av Georg Friedrich Händel frå den italienske perioden hans.

Etterpå fekk me servert ei flott tolking av Air av Bach der Barokkanerne spelte originalen og Lodestar Trio spelte sitt arrangement som er å høyra på nemnde Bach to Folk. Høgdepunktet på konserten kom med Luksengård Mjelva sin låt «Stouts Waltz». Luksengård Mjelva skildra den shetlandske fiolinisten Chris Stout – som valsen har namn etter – som ein romantikar og flegmatikar som ikkje hadde overdriven respekt for musikalsk form. I samisk musikk heiter det at ein ikkje joikar om ein person, men at ein joikar personen. Her blei dette prinsippet brukt – ensemblet spelte Stout!

Resten av konserten blei ein skikkeleg opptur – det var som om Air og «Stouts Waltz» hadde mana musikarane til dåd!

Solokonsertar – Voss idrettshall, fredag kl. 20.30 (LM)
Kl. 20.30 var det først duka for eit kort møte med Helga Myhr åleine på hardingfele. Festivalen har heilt sidan Voss idrettshall blei hovudarena hatt desse korte solokonsertane. Noko av motivasjonen for festivalen har nok vore å korta ned tida mellom konsertane som krev full scene, men det har synt seg at desse innsmetta har fungert godt musikalsk også. Ålingen Myhr gav oss ein halv time med folkemusikk frå Hallingdal med sterk vekt på springarforma, men ho arbeider også med samtidsmusikk og kombinerer det nyskapande med tradisjonen, m.a. skreiv ho tingingsverket Andsyning til Osafestivalen i 2020, eit verk som kom ut på plate to år seinare. Denne kombinasjonen fekk me eit døme på då ho framførte ein sjølvlaga lydarslått etterfølgt av ein springar. Høgdepunktet for meg blei likevel siste låt, springaren «Den som rulla etter golvet». Då svinga det, som det heiter på jazzspråket!

Neste mann ut i kortformatet var den irske concertina-virtuosen Cormac Begley. Han har gjort dette sekskanta kromatiske trekkspelet verdskjent gjennom låten «To War» som var inkludert i den engelske krimserien Peaky Blinders. Begley serverte ein konsert som både var ein demonstrasjon på kva ein kan få ut av alle mogelege variantar av dette instrumentet, nydelege tolkingar av dei sju låtane han spelte. Kommunikasjonen mellom låtane var ein leksjon i korleis unngå tomprat, berre for at ein må stemma eller byta ein defekt leidning. Eg trur ikkje det er å ta for sterkt i å seia at Begley blei årets snakkis på Osafestivalen.

Bare Egil Spellemannslag sjarmerte alle på Vossa Jazz i 2023. No var Egil Hegerberg (vokal og gitar) attende, i wingsuit og med fullt band. Frode Haltli (trekkspel), Roald Kaldestad (gitar og mandolin), Tuva Syvertsen (fele og hardingfele), Erik Sollid (fele og hardingfele), Gjermund Silset (bass) og «førstereisguten» Rolf-Erik Nystrøm (alt- og sopransaksofon) spelte ikkje berre med på alle ablegøyane til frontfiguren, men fekk rikt rom til å ta tolkingane skikkeleg ut på viddene. Samspelet, spesielt mellom Nystrøm og Haltli, var ein attraksjon i seg sjølv, men det var ensemblespelet som heilskap også med ein svært opplagt Silset som ankerfeste.

Eg høyrde Hegerberg solo på Fresen i sommar. Kommentarane den gongen var om mogeleg endå meir treffande og morosame, men det var for så vidt like greitt for det er faktisk slik at alle stunta framme på scenen gjer at ein må konsentrera seg om det meir interessante som går føre seg bak på scenen.

Som venta fekk me servert tradisjonsstoff frå alle krokar av den mangslungne bydelen i Oslo, Østensjø. Hittane kom som perler på ei snor, og stemninga stod i taket. Eg tok kvelden på topp …

Malmin med Åshild Vetrhus – Ungdomshallen, lørdag kl 12.00 (TK)
Mange hadde funnet veien til Ungdomshallen lørdag formiddag for å høre folkemusikk fra Rogaland i gruppa Malmins særegne versjoner. I den godt mørklagte Ungdomshallen fikk vi høre slåtter og religiøse folketoner, arrangert enkelt for Anders Hanas gitar og langeleik, Olav Rossebøs fele og mandolin, og Åshild Vetrhus sin vokal som et klart lys over det hele.

Det aller meste er i unisont spill, utfylt tidvis med en enkel bordun – man skjønner fort at bandet ikke søker uttrykk med rask sykling rundt kvintsirkelen og finurlige motstemmer. Her står melodien i sentrum, og i fraværet av akkordunderlag er bandet fritt til å forfølge de mange avskygninger av tonehøyder i det tradisjonelle materialet. Her ligger det grundige arkivstudier til grunn, kombinert med følelse for hva som fungerer i samspillet med instrumentene de bruker. Som trio er de helt synkronisert i den særegne tonefølelsen i musikken, som skaper en egenartet klangverden, til tider utvidet med Anders fine gitarvreng, og Åshilds klare vokal.

Malmin består av Anders Sundsteigen Hana (mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik, oktavfele) og Olav Christer Rossebø (hardingfele, fele, mikrotonal mandolin), og med gjest Åshild Vetrhus på vokal.

Morgondagens felemakarar – Felemakeriet, lørdag kl 14.15 (TK)
Osafestivalen er mer enn bare konserter. Lørdag inviterte festivalen oss til å se resultater av en flerårig prosjekt der ungdommer har bygd sin egen hardingfele. Prosjektet er et samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum, og startet i 2016.

Idéen er å få ungdom som spiller hardingfele til å bygge sitt eget instrument. På lørdag inviterte prosjektet publikum til å se resultater, der noen av deltakerne både viste frem instrumenter de har laget, og lot oss få høre hvordan de låt. Et fullpakket felemakerverksted tok del i de imponerende resultatene av prosjektet. Som det ble sagt – det er viktig at instrumentene ikke bare låter fint, men også ser bra ut: det er lettere å synes at instrumentet klinger fint om det og er førsteklasses håndverksmessig utført. Her var både utseende og lyd godt ivaretatt!

Barokkanerne: Anachronia – Nain, laurdag kl. 15.00 (LM)
Ensemblet Barokkanerne slik me kjenner det i dag blei skipa i 2018 då dei fusjonerte med Norsk barokkorkester. Varianten som gjesta Osafestivalen var Johanna Falkinger (sopran) Jadran Duncumb (lutt og kunstnarleg leiing), Kinga Ujszászi (fiolin og konsertmeister), Renata Kubala (fiolin), Mari Giske (bratsj), Gunnar Hauge (cello), André Lislevand (gambe), Fredrik Blikeng (kontrabass), Christian Kjos (cembalo) og Ingeborg Christophersen (blokkfløyte).

Tittelen på konserten er ganske naturleg. Verken lutt, cembalo eller blokkfløyte har til vanleg plass i den store orkesterfamilien, lydsvake som dei er alle tre, men at desse instrumenta kan inngå i spenstig musisering, blei konserten eit overtydande prov på. Repertoaret var henta frå m.a. Georg Philippe Telemann, Johann Adolf Hasse og Antonio Lotti. Akustikken i Nain viste seg frå ei medgjerleg side, og alle instrumenta kom godt fram. Cembaloen blei litt i svakaste laget, men det kan ha med plasseringa av både instrumentet og bratsjisten. Ho sat rett framom instrumentet.

Konserten var heilt strålande, men samspelet mellom Falkinger og Christophersen i Johann Adolf Hasses «Aria l’ augeletto in lacci stretto» – den lille fuglen i en snare, [frå J.A. Hasses opera Didone abbandonata frå 1742] var heilt makelaust, og avslutningsnummeret Händel-arien frå Il trionfo [del Tempo e della Verità]: «Tu del ciel ministro eletto» – du, himmelens valde tenar – var om mogeleg endå sterkare. Makan til fraseringskunst Falkinger varta opp med, og felespelet til Ujszászi var ypperste verdsklasse!

Andras Utnem Du kjenner meg – Vangskyrkja, laurdag kl. 16.30 (LM)
Festivalen gjev innimellom rom for unge talent til å opna konsertar. I Vangskyrkja fekk Halvor Heierland Farsethås sleppa til med gneistrande tolking av «Bjølleslåtten».

I 2023 gav Andreas Utnem (piano og harmonium) ut Du kjenner meg på Kirkelig kulturverksted. Her hadde han samla eit band og eit knippe vokalistar til å tolka m.a. seks Fosse-tekstar og «Du er min hyrde», dikta av det Bibelen nemner som kong David. Til Voss hadde Utnem med seg Trygve Seim (tenor- og sopransaksofon), Tuva Syvertsen (vokal og hardingfele), Julie Kleive, Synnøve Brøndo Plassen og Une Lorentze Onarheim (vokal), Sondre Meisfjord (bass) og Pål Hausken (trommer).

Det er eit sentralt poeng for Utnem å kopla teksten med den rette vokalisten. Røyst og frasering gjev låtane identitet. Trass at han stilte med fire vokalistar, så brukte han berre ved eit par høve meir enn ein vokalist om gongen. Like nøyen har Utnem vore med komparrangementa. Eg stussa då Meisfjord byrja på el-bass, men det fall på plass: Det sparsame og gjennomsiktige arrangementet bak Syvertsen på «Inst inni meg» fordra så å seia el-bass. Skreddarsaum må stå som overskrift på det som Meisfjord og Hausken varta opp med. Den som likevel bar tyngste børa, var Seim. Dei unike solistiske strekka løfta musikken enormt.

På tampen av konserten kom dei to andre i trioen Uld på scenen. Onarheim var der allereie. Konserten vart avslutta med «Vår gud» (Fader vår) med Syvertsen på både vokal og hardingfele. Ein logisk slutt på ein framifrå kyrkjekonsert.

Berit Opheim: Bulken – Voss idrettshall, lørdag kl 18.30 (TK)
Bulken er en bestilling fra Osafestivalen til Berit Opheim, og tar utgangspunkt i vokal folkemusikk fra, ja nettopp, Bulken, som er en bygd vest for Vangsvatnet ved Voss.

Konserten hennes var en ca. 20 minutter lang sammenhengende vokal-solo med toner fra ulike kilder med tilknytning til Bulken. En utrolig krevende form, som få andre enn Berit Opheim kunne klare å hale i land. Men med variert og fint sammensatt utvalg av musikalsk materiale, kombinert med Opheims store stemmeregister – både i omfang, dynamisk og klanglig, ble 20 minutter heller i korteste laget. Befriende god tekstuttale bidro til opplevelsen!

Berit Opheims virke og betydning for norsk folkemusikk ble behørig gjennomgått av styreleder for Ole Bull Akademiet, Terje Støve, som behøvde bortimot 10 minutter for å gjennomgå bare det grøvste av hennes meritter, da hun høyst fortjent ble tildelt Osaprisen 2025.

POING gjer Tiriltunga – Voss idrettshall, lørdag kl 1900 (TK)
Årets tributekonsert var med trioen POING som tolket Tiriltunga, godt hjulpet av en oppdatert versjon av Tiriltungagruppa, der kjønnsbalansen også ble ivaretatt. Den opprinnelige gruppa var Gunnlaug Lien Myhr, Kari Lønnestad og Heidi Løvlund, i dag, sammen med POING, var det Silje Risdal Liahagen, Erik Sollid og Helga Myhr som (blant annet) tok seg av de mer eller mindre originale Tiriltunga-arrangementene.

Tiriltunga gav ut sitt første album i 1986, i en tid da nye samspillformer i norsk folkemusikk var i utvikling – ikke bare ved genreblanding med jazz og rock, men så og si internt, med grupper som bygget hele uttrykket på tradisjonell spille- og syngestil. Her var Tiriltunga i frontlinja! Albumet fikk etterhvert kultstatus med sine originale arrangementer, kanskje særlig de trestemte vokalarrangementene.

Det å gi gamle album en ny drakt er en risikosport, og jeg hadde bange anelser da konserten startet med en slags pointillistisk fri-jazz-sekvens som var rimelig fjernt fra Tiriltungas klangverden. Men etterhvert som referansen til Eivind Grovens pausesignal (eller «Kjenningssignalet» som det het i Tiriltunga-versjonen) snek seg inn, skiftet perspektivet straks, og Tiriltungas verden blandet seg etterhvert sømløst med den POINGske virtuose galskap og sprudlende idéer. Nystrøms seljefløytetilpassete munnstykksløse sax og det utrolig skumle kompet på Svein Bufarssvein er to tilfeldig valgte eksempler blant mange mulige.

Dagens Tiriltunga var fullt på høyde med originalen. Kontinuiteten ble ivaretatt av Helga Myhr, datter av Gunnlaug, som passende nok også ble med i konsertens siste nummer.

Et absolutt høydepunkt i Osafestivalen for undertegnede!

POING: Rolf-Erik Nystrøm (saksofon), Frode Haltli, (akkordeon), Håkon Thelin (kontrabass); med Silje Risdal Liahagen (vokal), Erik Sollid (vokal, fele, hardingfele), Helga Myhr (vokal, hardingfele)

Håkon Høgemo spelar slåttar av Eivind Groven – Voss idrettshall, lørdag kl 20.00 (TK)
To store navn på én konsert: Håkon Høgemo og Eivind Groven; Håkon Høgemo som utøvende på hardingfele og læremester for (minst) en generasjon utøvere; Eivind Groven som komponisten bak slåttene.

Håkons spill er høyt verdsatt for sin kraft, personlighet og tone; Eivind Grovens slåtter er kanskje en mindre kjent del av hans virke, i hvert fall utover den indre krets av folkemusikkmiljøet. Groven hadde også en stor produksjon av kunstmusikkverk for mange besetninger, flere teoretiske verk som er sentrale i folkemusikkforskningens historie, for konstruksjonen av det renstemte orgelet – men for den store delen av den norske befolkningen i annen halvdel av forrige århundre, var det først og fremst pausesignalet i radioen (Radio?? Pausesignal?? Til Gen Z: Beklager – det tar for lang tid å forklare her…!) han var kjent for. Som vi forøvrig også fikk høre i en lett bearbeidet versjon i konserten rett før, i POINGs versjon av Tiriltungas versjon av nevnte signal, se over.

Groven var opptatt av de klanglige kvalitetene i hardingfela, og likte å bruke uvanlige felestiller når han lagde slåtter. Høgemo hadde følgelig med seg fire feler som var stemt på ulike måter, og gav oss bakgrunn for slåttene i ledige mellomsnakk. Som vanlig for Høgemo: sikkert og personlig spill, som engasjerte et entusiastisk publikum!

Huun-Huur-Tu – Voss idrettshall, lørdag kl 20.45 (TK)
Huun-Huur-Tu slapp sitt første album 60 Horses In My Herd i 1993, og har eksistert som gruppe siden da, med flere utskiftinger av medlemmer. Basert i Tuva, en republikk sør i Sibir, bruker gruppen tradisjonelle vokalteknikker – khöömei – og tradisjonelle lokale versjoner av kantfløyter, én-strengs strykeinstrumenter og trommer. Khöömei, uttalt /xøːˈme̞j/, for sangteknikken, som regel omtalt som «strupesang», er avledet av det tuvinske ordet for ‘strupe’.

Huun-Huur-Tu opparbeidet seg fort til å bli en av de aller heteste gruppene innen verdensmusikk, har solgt massevis av plater; turnert verden over, og musikken deres er brukt i flere filmer.

Underveis i karriéren har de samarbeidet med mange vestlige musikere, men vender stadig tilbake til kvartettformatet med de tradisjonelle instrumentene, slik de også kom til Osafestivalen.

Fra den opprinnelige besetningen er fortsatt Kaigal-Ool Khovalyg med. Konserten åpnet med en vokalkvartett med betydelig kraft og utrolig rik klang. Absolutt noe å hente for norske mannskor her! I løpet av konserten presenterte de et utvalg låter, stort sett bygget over enkle ostinater og korte melodiske motiver – en musikk mine gamle lærere i harmonilære ikke ville nølt med å kalle «primitiv»! Det forhindrer ikke at bandet har en betydelig større ekspressiv kraft og klanglig detaljrikdom enn den mest finurlige firstemmige sats man kan tenke seg. De ulike vokalteknikkene skaper variasjon, strykeinstrumentene er like effektive som ostinat/rytmeinstrmenter som melodiførende; tungur-tromma (i programmet betegnet «shamantromme») har en betydelig dypere og mer truende klang enn størrelsen skulle tyde på – og det hele fremført med innlevelse og presisjon på høyt nivå.

Til tross for lang fartstid på vestlige scener og mangfoldige samarbeid, har Huun-Huur-Tu beholdt sitt karakteristiske uttrykk og stil, og ikke – som så mange andre verdensmusikkband – henfalt til tungt og ensformig bass-trommekomp for å få et større publikum.

Her var publikummet så stort som idrettshallen kunne romme, og begeistringen var enorm.

Kaigal-Ool Khovalyg (vokal, igil), Sayan Bapa (vokal, gitar, toschpulur, igil), Radik Tyulyush (vokal, byzaanchy, munnharpe), Alexei Saryglar ( vokal, tuyug, tungur, igil)

Osamæle: Gro Marie Svidal – Førespel – Osasalen, sundag kl. 13.30 (LM)
Dette er blitt eit fast innslag på festivalen. I fjor hadde den irske felespelaren Martin Hayes oppdraget. I år er det Gro Marie Svidal. Konseptet synest å vera ein kombinasjon av ein refleksjon/ei drøfting og ein kunstnarleg manifestasjon. Svidal hadde laga ei scenisk framsyning med hennar tekst formidla gjennom eit radiokabinett med Seas 21/15 høgtalar og FM-lyd. Det høyrdes ut som noko som kunne ha vore å høyra på NRKs Folkemusikk­halvtimen rundt 1960. Hennar rolle på scenen var kombinasjonen av musikaren og performanceartisten.

Tematikken krinsa rundt nyskaping og tradisjon. Førespel skal pr. definisjon gje eit visst individuelt handlingsrom. Svidal ynskjer å problematisera denne fridomen. Ho gjorde det på ein enkel og effektiv måte, m.a.o. eit førespel til ein debatt.

Harpreet Bansal trio – Osasalen, sundag kl. 16.00 (LM)
Harpreet Bansal (fiolin) og Andreas Bratlie (tablas, perkusjon og vokal) måtte greia seg utan tredje hjul på sykkelen – Vojtech Prochazka (piano og hamonium). Heldigvis var den musikalske alt-mogleg-mannen Frode Haltli (trekkspel) tilgjengeleg og hadde «tilfeldigvis» spelt med Bansal før. Det blei ein leiken konsert der ein god klassisk indisk tradisjon tek seg tid med å snu og venda på musikken med mykje rom for improvisasjon. Trekkspelet er fleksibelt og høver godt inn i denne musikalske samanhengen. Bansal har sin musikalske bakgrunn i nordindisk raga.

Publikum blei skikkeleg bergtekne og gav musikarane trampeklapp. Dei kvitterte med den kortaste låten dei hadde på repertoaret. Den var over på litt under tre minuttar.

Hustveit – ei litterær og musikalsk utvandringshistorie – Voss idrettshall, sundag kl. 18.00 (LM)
Tingingsverket omhandlar den lokale utvandringa til Amerika personifisert gjennom familien til den første ordføraren på Voss, David Hustveit. Yngste son hans, Ivar, reiste ‘over there’ i 1868. Teksten fører oss fram til forfattaren Siri Hustvedt busett i Brooklyn og med eit bankande hjarte for Hustveit-garden på Voss.

Soga blir fortalt gjennom nøkterne fakta og anekdotiske glytt inn i samtida. Stemmer som lovprisa utvandringa og biskop Neuman, som sterkt åtvara mot henne, kjem til ordet. Dag Helleve har skrive teksten, og den nøkterne litterære stilen hans pregar eit mangfaldig manus. Teksten blir vekselsvis framført av Liv Bernhoft Osa og Helge Jordal.

Musikken, som er skriven av Irene Tillung (trekkspel) har klare referansar til den overordna tematikken. Her får me servert country og bluegrass-inspirert musikk, men sjølve perla er det vemodige gjennomgangstemaet. Tillung hadde god hjelp til framføringa frå Alexander Aga Røynstrand (hardingfele) Bjørnar Ekse Brandseth (gitar, dobro og lapsteel) og Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass). Spesielt Ekse Brandseth skal ha mykje av æra for at musikken fekk den rette koloritten.

Ei oppsummering (LM)
Med det tona nok ein vellukka festival ut. salt peanuts* har tatt to personar i sving med penn og notatblokk i år. Inntrykka er samla og bearbeidde av Tellef Kvifte og Lars Mossefinn. Knut Utler har som vanleg teke framifrå bilete. Likevel greier me berre å dekkja deler av festivalen.

Ein skal stå tidleg opp om morgonen for å få med seg alt som skjer. Det er vel knappast meininga. Likevel har det undra oss at så mange musikarar under vegs har spurt om dei har tid til ein låt til. Harpreet Bansal måtte spørja publikum kva klokka var for å vurdera om ho kunne spela ein låt til. Det gjorde ho – og ikkje i ein nedkorta versjon.

Festivalen legg til rette for at storbrukarane skal få med seg så mykje som råd. Dei har trass alt kjøpt pass, men det går ei grense der stoppeklokke og straumlinjeforming blir feil. Har ikkje døgret nok timar til alt det festivalleiinga vil presentera, så får dei enten kutta i programmet eller la publikum i større grad måtta velja. Faren då er at folk byrjar å dra før konsertane er ferdige. Dette er eit dilemma for mange festivaltilskiparar.

Me seier ikkje at her finst enkle svar, men det er ikkje grunn god nok til at ein ikkje stiller dei ubehagelege spørsmåla. Nett no kan festivalleiinga suga på den gode karamellen som ein velukka festival er.

Tekstar: Tellef Kvifte (TK) og Lars Mossefinn (LM)
Foto: Knut Utler (Hovedbildet: POING og Tiriltunga)


Strengjarhaugen spelemanslag.


Morgonrode.


Lodstar Trio.


Helga Myhr.


Cormac Begley.


Bare Egil Spellemannslag.


Barokkanerne: Anachronia.


Andreas Utnem Du kjenner meg.
Berit Opheim.


POING og Tiriltunga.


Håkon Høgemo.


Osamæle: Gro Marie Svidal.


Harpreet Bansal Trio.


Hustveit – ei litterær og musikalsk utvandringshistorie.