NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, 12. JULI 2025, DAG 2: salt peanuts* utsende i Nederland, og i Rotterdam, var ikkje berre ute for å gå i byens turistfellar som Euromast Tower, eller vera med på pannekake- eller splashtur. Han og den utvida redaksjonskomiteen sin viktigaste jobb er å være med på North Sea Jazz Festival, og denne andre dagen, fekk dei med seg tre konsertar dei var samde om at det burde rapporterast om.
Nduduzo Makhathini Trio with special guest Mark Turner
Mark Turner (tenorsaksofon), Nduduzo Makhathini (piano), Doctor Dalisu Ndlazi (bass) og Lukmil Pérez Herrera (trommer) hadde samla full sal, og mange «ringside» var frå Sør-Afrika der Makhthini kjem frå. Det blei ein livat konsert med så mange «blodfans» berre nokre meter frå scenekanten.
Makhathini har skapt seg eit namn i internasjonal jazz spesielt gjennom plata Modes of Communication: Letters from the Underworld frå 2020 utgjeve på Blue Note. Han er også kjent for mange som pianisten i Shabaka & The Ancestors, bandet leia av den britiske saksofonisten Shabaka Hutchings. I seinare år har han spesielt vore oppteken av det funksjonelle ved sørafrikansk musikk m.a. i doktorgradsavhandlinga si Breaking into Sound: Dis/Locating Ntu Cosmology and Improvisation in South African Jazz. Dei som ynskjer å fordjupa seg i dette aspektet ved musikken, kan sikkert gjera det utan mi hjelp, men med Makhathini er det samsvar mellom liv og læra.
Konserten blei nettopp ei musikalsk messe med ein særs velopplagt predikant. Makhathini kombinerer gamle forteljingar og enkle folkemelodiar med elektronikk og ein strøken pianoteknikk. Både Jarrett og Tyner var tydelege inspirasjonskjelder. Kommunikasjonen med Ndlazi og cubanske Herrera var telepatisk, og med Turner med på ferda blei dette eit sant svir av ein konsert!
Terri Lyne Carrington We Insist 2025!
Christie Dashiell (vokal), Christiana Hunte (resitasjon, dans), Milena Casado (trompet), Matthew Stevens (gitar), Morgan Guerin (bass, fløyte) og Terri Lyne Carrington (trommer) utgjorde sceneversjonen av utgjevinga We Insist 2025! Plata inneheld ei blanding av låtane til Max Roach og Oscar Brown jr. frå legendariske We Insist! (Candid, 1960) og låtar Carrington har skrive sjølv eller i samarbeid med andre.
Prosjektet har Carrington utvikla saman med vokalisten Dashiell. Det heile byrja med Roach sin «Driva’man» og me var brott inne i det rette universet. Konserten blei ein fin miks av forteljinga til Roach og Brown jr. og ei oppdatering til dagens USA. Som det heiter i «Freedom Is» – «Freedom is to walk without fear in a white neighborhood with Nina Simone on your ear». Grunnplanken musikalsk var trioen Stevens, Guerin og Carrington. Med eit slikt underlag kunne ein lytta til høgtlesing frå telefonkatalogen. Ein fantastisk dimensjon til framføringa var også den ekspressive dansen til Hunte.
North Sea Jazz Composition Project: Kika Sprangers
Eg fekk augo opp for Kika Sprangers med Hubro-plata Morning med bandet Beiggja (Sprangers, Mulelid, Eilertsen og Johansen). Ho er eit leiande namn i nederlandsk jazz, ikkje berre som instrumentalist, men også som orkesterleiar og komponist. Det var i sistnemnde rolle Sprangers utfalda seg på denne konserten sjølv om ho leverte flotte saksofon-kor heile vegen.
Det 17-personar sterke ensemblet var sett saman av Kika Sprangers (saksofon), Alistair Payne (trompet), Reinier Baas (gitar), Tijs Klaassen (bass), Jonas Burgwinkel (trommer), Det nederlandske kammerkor: Bethany Shepherd, Bobbie Blommesteijn, Mónica Monteiro, Åsa Olsson, Eline Welle, Frankse van der Wiel, Albert van Ommen, Emilio Aguilar, William Knight, Gilad Nezer, Jasper Schweppe, Jouke Wijmenga (vokal). Sprangers brukte koret variert, som klangleg og harmonisk bakteppe til det som gjekk føre seg i kvintetten framme på scenen, i dialog med nemnde kvintett og i meir konvensjonelle kor-sekvensar.
Konserten blei ein fin miks av det skrivne og ein del spanande solistiske bidrag. Trompetist Payne blei nemnt i samband med Acket Award-konserten. Her gjorde han ein minst like fin jobb. Det var likevel gitarist Baas som var rosina i pølsa. Ein blendande teknikk kombinert med ein utruleg originalitet i spelet og ein sparsam bruk av elektroniske verkemiddel. Overraskande!
David Murray Quartet
David Murray (tenorsaksofon), Marta Sanchez (piano), Luke Stewart (bass) og Russell Carter (trommer) med gjest Francesca Cinelli (vokal) runda av andre kveld på festivalen med tradisjonsmusikk av beste merke. Murray er inne kreative periode og har funne både kjærleiken (Cinelli) og tre medmusikantar som kler Murrays musikk. Han er såleis aktiv som i sine velmaktsdagar for nesten ein mannsalder sidan. Dei spelte i hovudsak frå plata Birdly Serenade som kom ut frå nokre månader sidan.
Spelet til Murray kjenner ein att med ein gong. Han kontrasterer dei intense utbrota med innsmigrande melodiske linjer. Stewart spelar virtuost og kraftfullt på bassen med ein forkjærleik for markante posisjonsskifte på gripebrettet. Carter er stødig som fjell bak trommene. Eg skulle gjerne gått inn på spelet til Sanchez, men faktum er at ho kunne ikkje høyrast skikkeleg frå posisjonen min på fremste rad. Eg fekk for mykje direktelyd frå trommene, og fronthøgtalarane kunne ikkje vera i bruk. Dette var ein stor nedtur og prega ein konsert som elles kunne vore eit høgdepunkt denne kvelden.
Tekst og foto: Lars Mossefinn

Christie Dashiell med Terry Lyne Carrington We Insist 2025

Kika Sprangers med North Sea Jazz Composition Project

Reinier Baas med North Sea Jazz Composition Project

David Murray og Luke Stewart























