Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Ny festivalleiing og festivalsjef på plass hjå Vossa Jazz!

På Voss har man over en tid diskutert hvem som kunne være aktuell som ny leder for Vossa Jazz, mens daglig leder Trude Storheim var ute i ett års permisjon, for å være kultursjef i Voss herrad. Og i dag kom pressemeldingen. Og så viser det seg  at det ikke bare er Storheim som forsvinner for ett år. Hennes høyre hånd og støttespiller, Kari Trana slutter for godt 1. septembber etter godt over 20 år i produsnetstolen på Vossa Jazz-kontoret.

Og her er pressemeldigen vi mottok tidlig i dag:

«Det er ei glede for oss å presentere Laila Melkevoll (45 år) som ny festivalsjef hjå Vossa Jazz for neste års festival. Ho tek over for Trude Storheim som skal over i eit eitt års vikariat som kommunalsjef for kultur- og fritid i Voss herad.

Melkevoll kjem frå stillinga som dagleg leiar i samtidsmusikkorkesteret BIT20 Ensemble og har brei røynsle frå kulturlivet både som leiar, styremedlem og frivillig i ulike kor og festivalar og andre organisasjonar. Ho har lang fartstid i politikken på ulike nivå, men kallar seg no politisk uavhengig kulturaktivist med mangfaldig publikumsutvikling som ei av sine kampsaker. Melkevoll har stort nettverk i kulturlivet, og vil verte leiar i eit nytt programråd som vil samarbeide om å ferdigstille neste års program på Vossa Jazz.

– Eg ser fram til denne jobben med stor entusiasme og pågangsmot, og eg har stor respekt for den imponerande jobben Trude og alle dei andre i Vossa Jazz har gjort i alle desse åra, seier Melkevoll. Med ein så robust organisasjon og den nasjonale og internasjonale posisjonen som festivalen har, så er det ein draumejobb for meg, og eg gledar meg noko vanvittig!

Trude Storheim har vore del av Vossa Jazz heilt sidan ho vart frivillig på festivalen som 18-åring, og tek no eit års permisjon etter imponerande 16 år i leiarstolen.

– Det vert spanande å prøve noko nytt. Etter å ha gjennomført 50-årsjubileumsferinga i år, så trur eg det skal bli fint å ha eit år med nye oppgåver i ei annan type stilling. Etter å ha møtt Laila så er eg overtydd om at festivalen er i dei beste hender, seier Storheim.

Om lag samstundes med at Melkevoll tek over vil det også kome ny produsent i festivalen. Kari Trana, som har vore festivalsjefane si høgre hand, sluttar 1. september etter nærare 26 år. I hennar stad kjem Ingrid Øygard Steinkopf (28 år) frå Stanghelle med brei erfaring frå jazzen både som utøvar, orkesterleiar og engasjert i ulike musikkfestivalar.

–  Eg kjem tilbake til vestlandet frå eit år i Berlin, og eg gler meg stort til å arbeide i festivalen eg både har vore utøvar og frivillig i, seier Øygard Steinkopf.

Begge dei nye er tilsett til 1 september 2024.

– Eg er svært glad for at me på rekordtid har fått eit nytt, kompetent team som skal føre festivalen vidare. Laila og Ingrid utfyller kvarandre med sine relevante og varierte erfaringar, og me er alt godt i gang med å overføre den årelange kompetansen og organisasjonen som heile Vossa Jazz-familien har opparbeidd, seier styreleiar Hilde Magnusson».

(Pressemelding fra Vossa Jazz)
Foto: Thor Brødreskift