Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

MARIUS NESET / BERGEN BIG BAND

«Time to Live»
ACT MUSIC + VISION, 9066-2

Den norske kulturminister Lubna Jaffery, har ved fleire høve offentleg referert til konserten i Gamlekinoen på Voss, laurdag 9. april 2022 med nettopp dette prosjektet som eitt av hennar beste musikalske Vossa Jazz-minne. Det kan eg godt forstå, for Marius Neset og Bergen Big Band (BBB) bles definitivt pandemien ut or soga – for denne gongen.

Sjølv om Neset lar vemodet stikka hoven fram, er dette først og fremst energifylt og gladlynt musikk. Det er noko filmatisk over «The Opening» der introen sakte og, etterkvart insisterande, tikkande varslar om det som skal koma, og det som kjem er eit reelliknande tema med motsvar i mektig messingklang – ein orkesterklang som berre BBB kan varta opp med her til lands. Komponisten utnyttar dette til fulle i dialogen i påfølgjande låt. Neset veit å bruka dei sterkaste sidene ved orkesteret. Han har vore fullt klar over kven han skreiv for.

Neset lar oss ikkje vera i tvil. «Time to Breath», «… And A Time to Live», «Life Can Be Bright» og «Coming Out» er alle sterke signal om eit tidsskifte, og musikken som skjuler seg bak desse titlane talar om mogeleg eit endå tydlegare språk. For at det heile ikkje skal bli eit einaste stort musikalsk kalveslepp, har Neset inkludert «… Time to Reflect», men stort sett går det heile i raske tempi og odde taktartar. Neset har teke med seg samarbeidspartnar i mange år, trommeslagaren Anton Eger for vera eit eit ankerfeste, men det er rytmeseksjonen som heilskap som gjer dette så perfekt, og det er bassisten Magne Thormodsæter som i røynda er ankerfestet slik at Eger kan vera litt over alt.

Det solistiske rommet er heller avgrensa, og stort sett er det komponisten sjølv som står fram, men han gjev også plass til Elisabeth Lid Trøen på «Time to Breathe», Aksel Røed på «The Unknown» og Thomas Dahl på «Coming Out». Dei sju låtane dannar ein suite som i hovudsak tematiserer det livsglade. Neset har arrangert stramt med få solistiske opningar. Det er slik sett komponisten og arrangøren Marius Neset og orkesteret BBB som skin sterkast.

Lars Mossefinn

Marius Neset (tenor saxophone, soprano saxophone), Svein Henrik Giske (trumpet), Are Ovesen (trumpet), Børge Styve (trumpet), William Grøv Skramsett (trumpet), Sindre Dalhaug (trombone), Grethe W Tonheim (trombone), Pål Roseth, (trombone), Tore Bryne Berg (bass trombone), Michael Barnes (soprano saxophone, alto saxophone, bass clarinet), Paul Fawcus (alto saxophone, flute, alto flute, clarinet), Elisabeth Lid Trøen (tenor saxophone, flute), Aksel Røed (alto saxophpne, tenor saxophone), Thomas Nøkling (baritone saxophone, tenor saxophone), Dag Arnesen (piano), Ivar Kolve (vibraphone, marimba, glockenspiel), Thomas Dahl (guitar), Magne Thormodsæter double bass) Anton Eger (drums, percussion)