Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

STEINAR KARLSEN

«Transitt»
EGEN UTGIVELSE

Steinar Karlsen debuterte som soloartist med plata Ulydium i 2011. Etter det har det blitt seks plater. Transitt kom i oktober i år og inneheld ni Karlsen-låtar. Tittelkuttet har dei tre musikarane gjort i lag. Karlsen kjem frå Eikefjord, ikkje lang frå Florø. No er han busett i Bergen. Mange kjenner sikkert Karlsen frå bandet Good Time Charlie, men musikken på denne og dei andre soloplatene har lite med det musikalske universet til nemnde bluesband å gjera.

Musikken til Karlsen er ei blanding av jazz, folkemusikk, samtidsmusikk og rock i ei svært spesiell legering. Karlsen har brukt mykje tid på å utvikla sounden, og arrangementa er pussa på etter alle kunstens reglar. Musikken er oftast ettertenksam og meditativ, men pendlar frå den orkestrale «Morgon» (der Karlsen har lagt lag på lag i studioet) til den melodiøse country-balladen «Ly» med frisell-ske overtonar og ein tilbakelent groove. Seks låtar har Karlsen snekra i hop i studioet aleine. I dei fire andre har han med bass og trommer. Som solist er Karlsen bluesinspirert, men kora er både kjenslevare, melodiske og harmonisk elegante. Innimellom minner han meg om Derek Trucks, men ei slik samanlikning er eit kvalitetsstempel.

Skage og Opheim har ein underordna rolle i denne produksjonen, men komprollen fyller dei lojalt på særs delikat vis. Steinar Karlsen fortener eit større publikum. For dei som ynskjer å bli nærare kjent med gitaristen og komponisten, er Transitt ein fin stad å byrja.

Lars Mossefinn

Steinar Karlsen (guitar, orgal, synthesizer, pedal steel), Morten Skage (bass), Kåre Opheim (drums)