
Tore Brunborg har ikkje trakka ned dørstokken på ymse platestudio med eigne prosjekt. Diskografien hans syner heller få utgjevingar i eige namn og desto fleire der han medverkar på prosjekta til andre. Ved kvar ny plate i eige namn har eg tenkt at Brunborg hadde gjort verda ei teneste med å vore i studio på eigen kjøl noko oftare.
Malm er ikkje noko unnatak. Sju låtar av Brunborg representerer så å seia utan unnatak ei andaktsstund. Trioen går med ein gong inn til kjernen. Opningssporet blir på eit vis pars pro toto. Den korte innleiande samtalen mellom Narvesen og Brunborg er som ein musikalsk Fosse-dialog, og Brunborg legg varsamt på nokre akkordar frå Wurlitzer-brettet, og det slår ein at dette er det einaste rette tangentinstrumentet. Poulsen kjem inn og Brunborg legg i veg med ein av sine mange fengjande forteljingar. Brunborg fører vidare den såre melankolien i «Ranglarhøe» der Narvesen og Poulsen lagar eit enkelt groovy fundament. Brunborg spelar fleirstemt med seg sjølv i temaet på «Ula» der også Poulsen slepper til med eit sterkt basskor med eit støttande trommespel av Narvesen. Den fleirstemte saksofonen er på sitt mest verknadsfulle i «Spranget». Også her utfaldar Poulsen seg på ei seng av Wurlitzer klang.
Brunborg er ein makelaus historieforteljar og høgdepunktet når han på låten «Blåkoll». Han veit også å plukka medmusikantar. Poulsen og Narvesen er som skapt for Brunborgs musikalske univers. Dette er definisjonen av minimalisme gjennom sju døme.
Lars Mossefinn
Tore Brunborg (tenor saxophone, wurlitzer), Barđur Reinert Poulson (double bass), Veslemøy Narvesen (drums)






















