
Dei ti tekstane på Lyset fra mørket, står så avgjort fremst på scenekanten, i rampeljoset. Tematikken er samansett, men dreier seg om eksistensielle spørsmål, gjerne fenomen ein undrar seg over. Ein del av denne undringa er knytt barnet og barndom. Fleire av tekstane tematiserer kjærleiken i sine mange fasettar. Naturen er viktig i biletspråket til Ostad, men også som motiv.
Ostad har eit konkret språk nærast kjemisk fritt for innfløkte metaforar. Ho skriv like gjerne på nynorsk som bokmål. I diktet «Poeten» tileigna Olav H. Hauge viser ho tydeleg ei sentral inspirasjonskjelde. Som det heiter i andre strofe av diktet: «Sjå, der han sit og bøyer seg/framover bordet. Der ligg det, ordet!/Ventar på fleire ord, så dei kan flokka seg/som fuglar i eit fugletrekk/og flyga langt av stad».
Musikken er komponert av Ostad, Dahl og Rune Klakegg. To låtar, «Blått» og «Stille sorg» er improvisasjonar av Carsten Dahl og Arild Andersen der Ostad resiterer teksten på Moldedialekt. Låtane kan plasserast i ulike sjangerbåsar, men mykje av stoffet har klare jazzrøter. Noko kan absolutt passerast i ei visetradisjon i vid forstand. Det meste går i sakte eller medium tempo, og uttrykket er gjennomført lågmælt.
Vokalt står Ostad i ein visetradisjon, men det er tydeleg at ho også har folkemusikalsk trening/bakgrunn. Uttrykket er liketil og tekstane vert framførte krystallklårt. Dahl og Andersen akkompagnerer med konduite. På tittelkuttet gjer Dahl jobben aleine. Andersen gjer det same på «Hjerte av bly». I ein del sekvensar fører komp-duoen samtalen vidare i korte, pregnante improviserte parti. Desse samtalesekvensane burde ikkje hatt så streng taletidsavgrensing, men dette rokkar ikkje ved eit solid heilskapsinntrykk av ein kunstnar som har mykje på hjarte og har eit spanande vis å seia det på.
Lars Mossefinn
Torhild Ostad (vocals), Carsten Dahl (piano), Arild Andersen (double bass)























