Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz-prisen 2023 til Aksel Røed

Frå guterommet i Fyllingsdalen til dei største og viktigaste jazzscenene i Europa: Aksel Øvreås Røed har på få år vorte ein nøkkelfigur i det unge bergenske jazzmiljøet. Den fremadstormande saksofonisten og komponisten er den fortente vinnaren av Vossa Jazz-prisen 2023!

Prisen vart delt ut av Vestland Fylkeskommune ved fylkesordførar Jon Askeland.

Frå juryen si grunngjeving:
Vossa Jazz-prisen 2023 går til ein musikar, bandleiar og komponist som allereie i ung alder blottla ei tilsynelatande umetteleg nysgjerrigheit og utforskartrong, og som allereie frå første dag som student på Grieg-akademiet i Bergen utmerka seg som ein uhyre produktiv og allsidig ressurs – også som konsertarrangør.

Årets prisvinnar er ein initiativtakar og ei drivkraft; ein typisk igangsetjar, som samlar, skapar, inspirerer og inviterer alle med inn. Vedkomande påstår sjølv at hen manglar evne til å delegere – noko som kan vere ei mogleg forklaring på det svært høge aktivitetsnivået.

Vedkomande leiar og komponerer for eigne band, frå trio til oktett-format, og elskar frijazz og Ornette Coleman, men også Stan Getz – og evner absolutt å følgje stramme notasjonar og halda seg i skinnet. Sitat: «Jeg brenner jo for frijazzen og kommer alltid til å gjøre det, men jeg er jo først og fremst musiker, og vil egentlig bli brukt til alt, så lenge det er fett».

Årets prisvinnar står fram som ein nøkkelfigur i det unge bergenske jazz- og musikkmiljøet, og er ein av byens travlaste musikarar, etterspurt av «alle». Beskjedent nok påstår vedkomande at «jeg får de jobbene Kjetil Møster ikke kan ta» – medan alle veit at årsaka til at årets prisvinnar er ønska med av alle, og spelar over alt, skuldast at hen er drivande dyktig, og ein tvers gjennom triveleg person, som bidrar til godstemning i alle samanhengar.

Årets prisvinnar har rokke å gje ut 2 kritikarroste album i eige namn hittil i år,

I tillegg til å vere ein svært travel musikar, bandleiar og komponist.

Guten frå Fyllingsdalen skulle bli advokat som far sin. I alle fall akademikar. Heldigvis kom han på betre tankar! Det er ei stor glede å kunne overrekkja Vossa Jazz-prisen 2023 til Aksel Røed!

Salt peanuts* gratulerar!

(Pressemelding frå Vossa Jazz)
(Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

 

Skriv et svar