Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz-prisen 2026 til bassisten Toivo Fjose

Vossa Jazz-prisen deles kvart år ut til ein jazzmusikar som har markert seg i jazz- og musikkmiljøet på Vestlandet, og prisen blei delt ut i forkant av Lars Horntvedts tingingsverk Lambda laurdag.

Prisen på kr 50 000,-, pluss eit særtrykk av årets festivalplakat og mykje heider og ære, vart delt ut av Fylkesordfører Jon Askeland, og her er kva han sa då han avslørte vinnaren.
«Årets prismottakar er ein musikar som over tid har markert seg som ei tydeleg og ettertrakta røyst i jazz- og musikkmiljøet både på Vestlandet og nasjonalt.Gjennom ein brei  portefølje av prosjekt viser årets prisvinnar ei imponerandespennvidd. Frå eigne band der  hen syner seg som både komponist og bandleiar, til meir kollektivt orienterte konstellasjonar og sjangeroverskridande samarbeid, framstår hen som ein musikar med sterk kunstnerisk vilje og stor fleksibilitet.

Vinnaren er utdanna ved jazzlinja på Griegakademiet og har både under og etter studietida vore ein aktiv bidragsytar til det lokale musikkmiljøet i byen. Årets prismottakar reiste tidleg i karrieren verda rundt med ei av dei største popstjernene i landet, og er stadig vekk på turné internasjonalt med musikk som har eit ganske kjølig uttrykk.

Under eige namn har musikaren mellom anna gitt ut to album med eigen kvintett, og har medverka til ei lang rekke utgivingar og prosjekt i ulike sjangrar. Snart er hen plateaktuell  med ein Vossa Jazz-aktuell kvartett, og har i tillegg ei ny utgjeving med Vestnorsk Jazzensemble på veg.

Vinnaren har dei siste åra utvida det kunstnarlege virket sitt til teatermusikk, og samarbeidd med anerkjende institusjonar som Den Nationale Scene, Teater Vestland, Teatret Vårt og Det Vestnorske Teateret. Hen har òg jobba mykje idet frie scenefeltet og spelt tallause framsyninga for barn over heile landet. Nyleg leverte hen òg bestillingsverk og konsertførestilling for barn under Bajazzfestivalen i Bergen.

Vinnaren har røtene sine her på Voss, og på årets Vossa Jazz såg du han på scena med The Red Barn i går – og i morgon er det klart for urpremiere på dennye trioen hans, Captcha, i  Osasalen. Men i kveld får du sjå han her på scena i Vossasalen. Ta godt imot vinnaren av  Vossa Jazz-prisen 2026: Toivo Fjose!»

For eiga rekning gratulerer me i salt peanuts* Toivo med prisen. Han er ein av den norske jazzens hyggelegaste musikarar uansett sjanger. Og en utmerka bassist, som veks i kvalitet frå prosjekt til prosjekt. Og spesielt hyggeleg for vossingane, er det at Toivo Fjose har klare røter i bygda.

Pressemelding fra Vossa Jazz
Foto:
Olav Aga / Vossa Jazz