Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz-slepp som adventskalender

Det meste av programmet for festivalen 2024 blir slept i ein adventskalender. Første luka kunne du opne 1. desember! Og så er det berre å gle seg til kvar morgen fram til den 24.

Dei opna i går med sjølvaste Tinngingsverket, som er gitt til saksofonisten Hanna Paulsberg. I årets Tingingsverk «Do you want my job?» vil Hanna Paulsberg mana fram ein fiktiv cowboy, og spela fram musikken som følger han.

Verket er inspirert av Paulsberg sitt fyrste musikalske «kick». Det var då far hennar sette på musikk av Little Village, eit band som spelar «Roots rock» – rockemusikk inspirert av folkemusikk, blues og country – at det heile fall på plass for seks år gamle Hanna. “Jeg kan fortsatt fornemme den eksplosjonen jeg kjente i kroppen fordi det låt så utrolig kult. Jeg har lenge hatt en drøm om å lage musikk som kan funke på saksofon, inspirert av det uttrykket.” fortel Paulsberg. Då ho vart invitert av Vossa Jazz til å levera årets Tingingsverk, var det nett det ho sette i gang med. No gler me oss til å høyra hennar barndoms cowboy ta form i saksofonen.

Den andre dagen i desember slapp festivalen opningskonserten med trommeslageren Øyunn og hennes prosjekt «Aspects». Hun opnar Vossa Jazz med eit kjensleladd brak. Framsyninga blandar konsert med filmvisning, song med rap, og monolog med dialog. Med rolege instrumentalparti, indre dialogar og eksplosive vokalparti, losar Øyunn deg gjennom i ei framsyning full av kjensler og kraft.

«Aspects» handlar om maktdynamikk i relasjonar, usikkerheit, om å stå på eigne bein, og om å forhalda seg til verda ein har rundt seg. Øyunn spelar karakteren Rosa, som fortel historia med film, musikk og songtekstar. Verket vart laga til Ultimafestivalen i Oslo i 2022, og vart valt ut til Kortfilmfestivalen i Norge og Oslo Pix. Det danske musikkmagasinet GAFFA og vi på salt peanuts* samanliknar «Aspects» med tidlege Björk-verk, og deira aggressive, men melodiske kaos.

Siv Øyunn Kjenstad er kjend som ein dreven trommeslagar, men arbeider òg med song og rap. I 2021 komponerte ho musikken til «Tour de Chambre» ved det Kongelige Teater i København, i tillegg til å vera skodespelar i forestillinga. Øyunn har samarbeidd med mellom anna Efterklang, Bugge Wesseltoft, Falluah og Troels Abrahamsen.

Så er det berre  å starte kvar dag framover med å opna ei ny luke i Vossa Jazz sin adventskalender…