OSASALEN, VOSS, 22. FEBRUAR 2022: Armenske Arsen Petrosyan Quartet er ute på Europaturné, og dette var den andre av i alt fire konsertar i Noreg. Arsen Petrosyan trakterer det etter kvart så velkjente instrumentet duduk. Faktisk er han i ferd med skaffa seg ein status på linje med Djivan Gasparyan og liknande nasjonalheltar. I kvartetten har han med Astghik Snetsunts, kanun, Vladimir Papikyan, santur og Avetis Keoseyan, dhol og daf. Dei spelar musikk frå den andre plata til Petrosyan Hokin janapar (Mi sjels reise), men arrangert for kvartetten i større grad enn på plata – der duduken har ein meir profilert plass i lydbilete.
Konserten opna med «Nnjmaned» av den kjende 1700-talskomponisten Paghatasar Dpir som blandar trekk frå den armenske balladetradisjonen og sakral musikk – utruleg vemodig og kontemplativt. Seinare i konserten veksla tempoet titt og ofte, og dei lange kontemplative draga var det ikkje så mange av. Petrosyan & Co veksla mellom danselåtar også frå den armenske enklaven i Georgia og aust i Tyrkia, båe regionane har Petrosyan eit nært tilhøve til. Mykje av dette er samla inn av den store armenske folkemusikkinnsamlar og komponist Komitas Vardapet (1869-1935).
Eit av høgdepunkta var tolkinga kvartetten gjorde av dei to Ashugh Sayat-Nova-låtane «Nazani» og Broyi». Duduk er eit krevjande instrument å spela. Dobbeltrøyrbladinstrumentet må blåsast med stor kraft og utruleg kjenslevar fingerteknikk, men lyden dei fremste på instrumentet får ut av det, er rein magi. Undervegs sleppte Petrosyan til medmusikantane sine som alle synte at dei var virtuosar på sine respektive instrument. Dei omlag 40 frammøtte kvitterte med ståande trampeklapp.
Tekst og foto: Lars Mossefinn