JAZZFEST BERLIN, 1. NOVEMBER: Goran Kajfeš Tropiques stod for opninga andre dag av festivalen i Haus der Berliner Festspiele, som ledd i ei svensk satsing på denne festivalen. Han hadde med bandet frå plata Tell Us som kom i mai i år, Josefin Runsteen (fiolin), Leo Svensson Sander (cello), Alexander Zethson (piano og synthar), Johan Berthling (bass) og Johan Holmegard (trommer). Sjølv spelar Kajfeš trompet og synth. Musikken som Kajfeš har skrive er meditativ og driven av eit skiftande sett av ostinat. Runsteen og Svensson Sander har skrive strykearrangementa som er ein heilt essensiell del av uttrykket. Musikken dreg på sett og vis vekslar på ein form for minimalisme der ein er avhengig av at det gjentakande blir brynt mot det spenningsskapande. Dette fungerte gjennom heile konserten i skiftande tempi og stemningar. Sjølvsagt var Kajfeš sjølv hovudsolist, men også resten av bandet fekk sine augneblinkar i rampeljoset. Høgdepunktet var då dei to strykarane sette kvarandre i stemne i eit kollektivt frislepp.
Kris Davis (piano og Fender Rhodes), Val Jeanty (platespelar og elektronikk), Nick Dunston (bass) og Terri Lyne Carrington (trommer) spelte musikk frå platene med prosjektet Diatom Ribbons. Både Jeanty og Carrington er med på desse platene, Diatom Ribbons (2019) og Diatom Ribbons Live at The Village Vanguard (2023). Dunston er ny i bandet.
Om bandnamnet er mynta på at kiselalgane formeirar seg ved celledeling i band, skal eg la liggja her. Musikken talar uansett for seg. Som på liveplata byrja dei med Roald Shannon Jacksons «Alice in The Congo». Mykje av stoffet frå plata kom på løpande band i ein fin miks av ganske fri musisering og ein del stramme parti der Davis spelte aldeles nydeleg på Fender Rhodes med ein lyd som fekk meg til å tenkja på Hancocks bruk av same instrument på Crossings. Noko av det som imponerer med dette prosjektet er kor organisk elektronikken er i alle deler av musikken. Jeanty har skikkeleg store øyro. Dei avslutta som dei gjorde på Village Vanguard med Wayne Shorters «Dolores» som gjekk over i Davis sin «Brainfeel». Dunston og Carrington danna eit virtuost, men også botnsolid tandem gjennom heile den varierte konserten. Carrington er sjef på ein veldig sympatisk måte.
Trio Tapestry (ECM) kom i 2019. Seinare har Garden of Expression (2021) Our Daily Bread (2023) kome på same selskap. Den fullkomne roa og konsentrasjonen som pregar desse platene, har fascinert meg. I konsertsamanheng får ein gjerne ein meir utåtvend tilnærming, og det skjedde vel også her, men Joe Lovano (tenorsaksofon, tárogató og gongar) (hovedbilete), Marilyn Crispell (piano) og Carmen Castaldi (trommer) held i overraskande grad på trylleformelen frå platene. Det er overraskande kor mykje av musiseringa som skjer i aksar, mellom Lovano-Crispell, Lovano-Castaldi osv., og ikkje i triangelet. Lovano er den sjølvskrivne seremonimeister, men Crispell og Castaldi slepper til i rikt mon. Førstnemnde hadde nokre kor denne kvelden som tydeleg begeistra Lovano. Også i konsertsamanheng er det fullt fokus på alle klanglege detaljar, og heldigvis formidlar konsertsalen og lydteknikarane dette på optimalt vis. Konserten blei eit verdig punktum på konsertane i den store salen, og då kjende eg at no hadde eg fått min dose musikk for kvelden.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Fabian Schellhorn © Berliner Festspiele
Kris Davis.