Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fyr på peisen

OSASCENA, TRE BRØR, VOSS, 24. JANUAR 2023: Det var ikkje nokon i den fullstappa kjellaren på Tre Brør som kom for å høyra det nye og ukjente. Å skildra trioen som eit musikalsk fyrverkeri, er vel også å gripa til feil klisjé, men det sprakar godt på peisen når dei tre dreg i gang ein reel me dei hoggande bogedraga til Henderson, og ingen formidlar høgtidsstemt vemod som Gabriel Fliflet.

Felespelaren Kevin Henderson frå Shetland er busett i Noreg og driv The Nordic Fiddlers Bloc Olav Luksengård Mjelva and Anders Hall i tillegg til å vera med i  fleire band på dei britiske øyane. Den engelske visesongaren og folkemusikaren Richard Burgess kom til Noreg på 70-talet og har etablert seg som lærar og lærebokforfattar i tillegg til å halda ved like musikkarrieren. I tillegg til å syngja og spela gitar trakterer Burgess trekkspelvarianten concertina. Gabriel Fliflet treng ikkje nærare presentasjon.

Konserten var ein fin miks av up tempo tradisjonell dansemusikk (sjølv om publikum sat klistra til stolane) og balladar av ymse opphav. Uansett tempo og stemning så var kommunikasjonen dei tre i mellom perfekt sjølv om uttrykket til tider kunne vera litt rufsete. Også dynamikken blei brukt på utsøkt vis. Fliflet er ein meister i å kommunisera med publikum både i og mellom låtane, og med Fliflet i bandet får valsen alltid sin rettkomne plass i repertoaret. Publikum viste å setja pris på det dei blei servert. Betre sesongopning for Osascena kan ein ikkje tenkja seg.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Gabriel Fliflet


– gitar og trekkspell


– fele

Skriv et svar