Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Høgdepunkt i Ornettes ånd

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, 16.05.2016: Lisbon Underground Music Ensemble (LUME) opna hovudprogrammet på siste festivaldag. Dette 15 medlemmers store orkesteret har ein besetning som avvik frå det tradisjonelle. Her finn ein tre trompetar, tre trombonar og seks treblåsarar i tillegg til piano bass og trommer. Det ni år gamle bandet spelar musikk skriven av Marco Barroso. Musikken er sterkt riff-prega og spenner over eit vidt musikalsk lerret. Det var ein entusiastisk gjeng som framførte musikken. Utan tvil eitt av høgdepunkta på festivalen.

Den tyske pianisten Volker Bertelmann aka Hauschka har ein samansett karriere som musikar. På Moers festival hadde han fått høve til å gjera ein duokonsert med den finske perkusjonisten Samuli Kosminen. Til liks med trioen Dawn of Midi, blei dette ei musikalsk reise i eit minimalistisk landskap, men her var det snakk om improvisasjon frå A-Å. Stort sett var det slik at Hauschka styrte retninga, og Kosminen hengde seg på, men i dei lukkelegaste augneblinka var det ein kreativ musikalsk dialog.

Den tyske trioen Amok Amor (bilete) med Wanja Slavin på altsaks, Petter Eldh på bass og Christian Lillinger på trommer hadde fått følgje av den velkjende amerikanske trompetaren Peter Evans. Med ein klassisk Ornette Coleman-besetning leverte dei eit fyrverkeri av ein konsert – det absolutte høgdepunktet på festivalen. Musikken var aggressiv og innsmigrande på same tid. I tillegg til å inkludera referansar til nemnte stilskapar, hadde dei også late seg inspirera av musikk frå Balkan.

Avslutningskonserten med Becca Stevens og vedunderbarnet Jacob Collier må kunna skrivast på kontoen for sær programmering. Eg har høyrt Stevens ved fleire høve, og hennar folkemusikkinfluerte uttrykk kan eg gjerne lytta til fleire gonger, men å seia at denne duoen representerer noko som naturleg skulle avrunda den 45. Moers festival, er å ta hardt i. Collier har blitt geniforklart av Quincy Jones, og det er ikkje tvil om at han både som vokalist og pianist har mykje å fara med, men her blei omgangen hans med Vocoderen etterkvart ganske føreseieleg.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.