Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Kornstad og Subtrio same kveld

VOSS, FREDAG 13. NOVEMBER 2015: Litt tilfeldig kanskje, men på fredag den 13. kunne ein oppleva solokonsert med Håkon Kornstad i Voss kulturhus. Eit par timar seinare var det duka cool-surrialisme med Subtrio, med ein velopplagt John Pål Inderberg i spissen på kafeen Tre brør.

Det blei ei stor og samansett oppleving, og dei fleste, underteikna inkludert, var uvitande om kva som fann stad i Paris nett då.

Håkon Kornstad hadde med seg saksofon, fløyte, div. munnstykke og ei enkel 15 år gamal loop-maskin, og så hadde han jo med stemma! Konserten hadde ei form som minner mykje om det ein finn på «Live in Sarajevo» og forløpet hadde i alle fall opninga «Sweden» og ekstranummeret «Ack Värmland du sköna» som tangeringspunkt. «Sweden» snodde seg nydeleg over i «En Fermant Les Yeux». Nadirs arie frå Bizets opera «Perlefiskarane» fekk ein i eit par variantar. Særleg stykket der Kornstad akkompagnerte seg sjølv på fingerpiano var både lågmælt og intenst i same stund.

Sjølv om elektronikken er enkel og gamal, veit Kornstad å nytta han på rette måten. Groovar som i utgangspunktet er rimeleg faste, er så pass asymmetriske at dei etter nokre rundar i loopen dannar ein heilt annan bakgrunn. Å kombinera improvisasjon med å leggja stadig nye lag til loopen, er også Kornstad ein meister i. Det heile er så befriande saumlaust! Plystring er også ein integrert del av repertoaret. Det Kornstad varta opp med her var ein kombinasjon av Stax/TM og Ennio Morricone. Konserten avslutta med ei indirekte Björling hylling. Sistnemnde har levert ei strålande innspeling av Tostis «Ideale» og er synonymt med «Ack Värmland du sköna». Kornstad gjorde på ingen måte skam på det svenske førebilete.

JOHN PÅL

Subtrio er ute på turné i regi av Vestnorsk jazzsenter, og fredag var det stopp på Voss, nærare bestemt Tre brør. For dei av oss som har høyrt trioen nokre gonger og kanskje like mange gonger som kvartett utvida med Paolo Fresu, veit kva ein har i vente, ein kombinasjon av stand up-komedie og eit knippe uslitelege, eviggrøne låtar med ein intenst søkande Inderberg i sine improvisasjonar og eit på tå-hev komp beståande av Svein Folkvord, bass og Stein Inge Brækhus, trommer, og kvelden på Tre brør blei ikkje noko mindre. Tvert om.

Det byrja også som så mange gonger før med Victor Youngs «Golden Earrings», men sjølv om utgangspunktet, låten, var der som ‘alltid’, var tilnærminga ny. Det oppdaga ein på låt etter låt – trioen hadde vore i tenkeboksen og kome opp med ein del nye arrangement, og Inderbergs kommentar mellom låtane er som det pleier – nye og friske sjølv om nokre favorittema som hundar og Innheraddialekten går att. Dei kom som perler på ei snor (og perler er rette ordet i denne samanhengen) både «Dream Stepper», «It’s You», «Too Young to Go Steady» og eit knippe til. Strålande, rett og slett, og Subtrio og Tre brør er akustisk sett perfekt match!

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.