VOSS KULTURHUS, 30. NOVEMBER 2021: Lena Skjerdal, vokal og perkusjon, Erik Håkon Halvorsen, tangentar og Knut Lothe, trommer, perkusjon og vokal framførte «Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar» for 1., 2. og 4. klasse ved Vangen skule på Voss. Både konserten og plata byggjer på universet i Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møklebys bok med same tittel (Skald 2014). På plata var også Ole Marius Sandberg med på bass.
Skjerdal & Co har laga ein sceneversjon som var skreddarsydd for ungar i denne alderen. Meldaren til salt peanuts* fekk eigentleg to opplevingar – det musikalske og sceniske, men også samspelet mellom sal og scene. Det var utruleg god stemning konserten i gjennom. Dei ulike skapningane vert portretterte gjennom ei mengd sjangrar, alt frå rockabilly til sving.
Trioen hadde ein fin dialog med det unge publikumet og trong ikkje spa på med valdsame eksessar. Når Lothe bad ungane lena seg attende i stolen og lata att augo for å la seg bergta av «Nilda Noctiluca», så gjorde dei det. Den vakre folketonen (som Skjerdal har etter Ragnar Vigdal, vil eg tru) er det fullt mogeleg å la seg bergta av, sjølv med den lett maritime tilpassinga.
Reggaen «Sabine Strandsnigel» hadde elevane fått i oppgåve å læra seg. Allsongen vart gjennomført med innleving og rytmisk kontroll.
Tekst og foto: Lars Mossefinn