Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Med innleving og overskot

TRE BRØR, VOSS, 23. APRIL 2022: Det danske bandet Mames Babegenush med Emil Goldschmidt, klarinett, Lukas Rande, alt- og tenorsaksofon, Bo Rande, trompet og flygelhorn, Nicolai Kornerup, akkordeon, Andreas Møllerhøj, kontrabass, Morten Ærø, trommer og hakkebrett (truleg den ungarske varianten cimbalom) gjesta Voss, Osascena og Tre brør laurdag 23. april med ein våryr konsert spekka med aust-europeisk dansemusikk og eigne komposisjonar sterk inspirert av dei same folkelege tradisjonane.

Bandet vart skipa i 2004 og spelte i byrjinga klezmermusikk i jødiske bryllaup. Seinare har bandet blitt stadig meir populært. Goldschmidt har gått i lære hjå ein av klezmerguruane David Krakauer. Krakauer fekk augo opp for bandet, og det har sikkert hjelpt på populariteten. Musikalsk har dei utvikla seg frå å vera eit klezmerband til å spela musikk frå store deler av Aust-Europa. På konserten på Tre brør var repertoaret dominert av musikk frå Romania.

Det byrja litt forsiktig og ein tanke stivt, men eit entusiastisk publikum gjorde sitt til at dei kjende seg på heimebane og med «Moldovian Trainspotting» (ein låt frå den Oscarvinnande filmen «Livet er herleg», 1997) var dei for alvor i gang. Det veksla mellom tett ensemblespel og velformulerte kor der det gjekk på rundgang. Brørne Rande har ein perkusiv måte å frasera på. Først var Lukas mest frampå, men etterkvart overtok broder Bo. Det han gjorde på flygelhorn var spesielt minneverdig. Eitt av fleire høgdepunkt var framføringa av Bo Randes «Nightflight». Eit anna var koret hans på «Mountain Dance».

Goldschmidt er både ein lun verbal kommunikator, men dei pasjonerte variasjonane av temaa i det øvre registeret er patos på ein god måte. Møllerhøj spelar bass på klokkeklart vis. Kora hans viste at han stort sett ferdast i jazzen elles. Ærø veksla mellom cimbalomen og det tilpassa trommmesettet som om dette skulle vera det mest naturlege ergonomiske perkusjonsoppsettet som tenkjast kan. Sjølvsagt blei det trampeklapp og ekstranummer, og som eit noko forseinka påskeegg kunne Ida Dyrkorn Heierland opplysa om at Osascena har fått finansiering til ein konsertserie i Finnesloftet i sommar!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Emil Goldschmidt


Bo Rande


Lukas Rande


Nicolai Kornerup


Andreas Møllerhøj


Morten Ærø

Skriv et svar