Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Raud ørken, (nok) ein ny gitarhelt og Lux Aeterna, både det flatterande og avslørande

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, 28. MAI 2023: AmViehtheater am Rodelberg kl. 14.00: Den norske duoen Propan hadde æra av å opna festivaldagen på utescenen. Det gjorde Ina Sagstuen (vokal og elektronikk) og Natali Abrahamsen Garner (vokal og elektronikk) på utmerka vis. Konserten på ein god halvtime hadde ei heilskapleg form som tok oss frå første astmatiske andedrag til dei siste og stadig fjernare flysirener. Undervegs hadde dei gjeve oss ein biletmosaikk om det å vera menneske i kaotiske omgjevnader skapt av stemmer og elektronikk i eit virtuost samspel som berre trente stemmeband, fingrar og øyrer i to opne sinn kan utvikla. Strålande!

Annex kl. 17.30: Raissa Mehner (gitar), Salome Amend (vibrafon) og Simon Camatta (trommer) var nok ei positiv overrasking frå denne scenen som allereie hadde gjeve oss fleire aha-opplevingar. Eg kom i grevens tid og fekk med meg dei første varsame tonane, ganske frie assosiasjonar som blei stadig sterkare og som etterkvart utvikla seg til det strukturerte. Mehner introduserte neste låt på leirgauk, og noko som byrja svært så nedpå, tok heilt av då same Mehner slo an nokre kjende gitarriff og seinare tok det heile ut i eit sonisk inferno. Bandet følgde opp med ein vindskeiv blues før dei igjen bygde opp til eit crescendo der Mehner nok ein gong fekk utfalda seg. For første gong opplevde eg ekstranummer på denne scenen. Sjå opp for Raissa Mehner! (hovedbilete)

AmViehtheater am Rodelberg kl. 20.25: Eve Risser Red Dessert Orchestra. Eit av flaggskipa i fransk jazz, pianisten Eve Risser har bytta ut den kvite med den raude ørkenen. Fleire musikarar frå White Dessert Orchestra har blitt med over til den raude utgåva, og ein del av det musikalske uttrykket finn ein att, men no i ei raud innpakking. Vel, det er absolutt ikkje rett å seia at overgangen frå kvit til raud berre har med innpakking å gjera. Musikken no er gjennomgåande pulserande dansbar, noko Ophélia og Mélissa Hié (balafon, bara, djembe og vokal) i sterk grad bidreg til.

Konserten blei eit sant svir av ei reise med utgangspunkt i Eurythmia (Clean Feed) der dei enda opp etter ståande trampeklapp med ekstranummeret «Soyayya». Under vegs hadde me fått oppleva ein del sterke kor frå fleire av blåsarane og ikkje minst av Risser sjølv. Honnør også til Fanny Lasfargues (bass) og Emmanuel Scarpa (trommer) som held dette så stødig saman.

Evangelishe Stadkirche kl. 22.00: Konserten var vigd Lux Aeterna (1966) av György Sándor Ligeti. Verket er eit korverk for blanda kor med 16 stemmer med tekst frå ei katolsk rekviemmesse. Verket i originalform blei først framført av SWR Vokalensemble før Trondheim Voices og Ståle Storløkken (tangentar og elektronikk) tok over. Dei innleidde konserten frå orgelkrakken og bak i skipet før dei sakte seig inn på scenen.

I norsk Wikipedia er verket skildra såleis: «Lux Aeterna er et 16-stemt a cappella-stykke hvis tekst også hører til det latinske rekviem. Det er mønstret strengt etter Johannes Ockeghems mesterlige mensurasjonskanoner, og tilvirker meget lignende effekt, men med sekundal, heller enn  tersial harmonikk, i en paradoksalig tykk-men-gjennomsiktig 16-stemt tekstur.

Eg opplever det evige ljoset til Ligeti som flatterande. Forståeleg, i møte med døden er ein forsonleg. Trondheim Voices tolking av verket er ikkje så flatterande. Her kan ein nærast lesa mellom linjene i nekrologen, men det heile er gjort vørdnad. Overflata krakelerer, men også rynker er vakkert. (Tredje del av konserten stod eg over fordi dei to første delane stod så godt til kvarandre. Raissa Mehner får eg høyra meir til seinare, garantert.)

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Zalesskaya, André Syrrmann, Inga Klamert


Propan


Eve Risser


Trondheim Voices

Skriv et svar