Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Return To Forever

HEINEKEN JAZZALDIA, SAN SEBASTIAN, DAG 2: Duoen Chick Corea og Stanley Clarke blei presentert i programmet under overskrifta «The Songs of Return to Forever», men dei var ikkje prinsippfaste og inkluderte også anna stoff. Uansett, dette blei ein kjempebra konsert. Eg høyrde den originale elektriske versjonen av Return to Forever på festivalen i 2008, og det blei ein grandios nedtur. Eg hadde såleis ikkje sterke forventningar.

Alt i frå «Some Time Ago» og «La Fiesta» (som også på innspelinga frå 1972 er bunde saman) var tonen sett. Utgangspunktet var ein ikkje i tvil om, men duoen hadde ei ganske fri og leikande tilnærming til dette utgangspunktet. Etterpå var det dukar for Clarkes «After The Cosmic Rain» (frå «Hymn of The Seventh Galaxy»). Det blei kanskje kvelden einaste festbrems. Ikkje er dette ein spesielt hip låt, og duoen greidde aldri heller å gjera den om til ein trampoline for improvisatorisk akrobatikk.

Bill Evans «Waltz for Debby» sette konserten på sporet. Ein nydeleg intro av Corea blei avløyst av at duoen skifta på å introdusera temaet. Begge tok seg rikeleg solistisk rom. Når ein høyrer versjonar som dette, forstår ein den engelske nemninga evergreen. Så skjedde noko ganske overraskande. Corea tok mikrofonen og annonserte: «We’re just gonna have some piano tuning. Don’t go away.» Flygelet var tydelegvis ustemt i det øvre registeret. Pianostemmaren var lynrask, og duoen var attende i løpet av 10 minuttar.

Stanley Clarke fekk scenen for seg sjølv og serverte sin eigen «La Cancion De Sofia«. Han tok han heilt ut og serverte eit kor der ikkje ein effekt var uprøvd. Publikum var frå seg begeistring. Det vakraste med låten var faktisk avslutninga då Clarke vende attende til temaet i ein pizzicato-variant. Etter at jubelen hadde lagt seg var det sjølvsagt Corea sin tur, og han la ikkje dempar på stemninga då han fortalde at låten «Yellow Nimbus» var ei hylling til Paco de Lucia. (Låten er å finna på «Touchstone» frå 1982 med de Lucia som gjesteartist.) Ei elegant tolking som kunne virka noko springande, men likevel med ein markert raud tråd.

Siste låt ut var tittelen på plata som kom i 1986 «No Mystery». Dette er ein av få gode og akustiske låtar på ei plate som eg aldri fekk fot på, men duoen fekk den musikalske leiken opp på eit virtuost nivå som berre musikarar av dette formatet kan makta. Ekstranummeret måtte koma, og det måtte sjølvsagt bli «Spain». At Bobby McFerrin blei med på laget, var langt frå sjølvsagt, og publikum sette på ekstatisk vis pris på dette stuntet. Eit verdig punktum på ein fantastisk konsert.

Då var det berre å kryssa elva og benka seg i vente på Nicholas Payton og L’instrumental de Gascogne spela «Sketches of Spain». Det er etterkvart mange som har prøvd seg på dette stoffet, og med den legendestatusen tandemet Davis/Evans har, så er fallhøgda stor. Det såg ikkje ut til at dette uroa Payton nemnande. Han hadde tydelegvis fått lov å marknadsføra den nye plata si, «Numbers» (ei usannsynleg dårleg plate), og opna like godt konserten med den inkjeseiande «Two» der Payton spelte Fender Rhodes. Faresignala var overtydelege. Så kom «Concierto de Aranjuez». Ensemblelyden var ujamn, og Payton var alt anna enn sart, melankolsk og kontemplativ. Ensemblet spelte gjennom «The Pan Piper», «Saeta» og «Solea» med nokre innsmett av Payton på el. piano. Det var som om ein skulle ha høyrt «Sketches of Spain» på P4 avbrote av reklame for siste plata til Ole Ivars eller Tone Damli Aaberge. Når Payton avslutta konserten med ei gebrekkeleg vokal hylling til New Orleans, var på ein måte parodien fullført. L’instrumental de Gascogne og publikum hadde fortent betre.

Kl. 12.00 på «Det baskiske kulinariske senteret» fekk den japanske pianisten, komponisten og storbandleiaren Toshiko Akiyoshi (84) Donostiako Jazzaldia Award. Det var 21. gong prisen blei delt ut. Akiyoshi hadde då allereie takka for prisen gjennom ein kort solokonsert. Alderen pregar dama, men for ei kraft og vilje i spelet. Imponerande! Ho byrja med Ellingtons «Prelude to A Kiss» og avslutta med «Hope» frå plata «Hiroshima – Rising From The Abyss». Etterpå fortalte ho om å koma til Boston som første japanske studenten på Berklee. Først etter at ho kom til USA hadde det faktumet at ho var kvinne, blitt ei sak. Det var ikkje alle spørsmåla som var like meiningsfulle, men let seg merka lite med det, og på spørsmålet om kva som var den største skilnaden på japansk og baskisk kokekunst, sa ho at baskarane nok nytta meir kvitlauk og olje, og nett det er det vanskeleg å protestera på…

Tekst: Lars Mossefinn

Skriv et svar