Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Svært bra og svært variert

BERGAMO JAZZ FESTIVAL, ITALIA, FREDAG 18. MARS 2022: Jakob Bro, Arve Henriksen og Jorge Rossy (hovedbilete)møttest i studio under pandemien og utvikla musikken til ECM-utgjevinga «Uma Elmo» der. Etter gjenopninga har dei kunna ta med seg musikken på konsertscenen. Oftast er det omvendt – musikken blir utvikla på vegen, og så på eit stadium tek ein førebels status med inn i studio for å dokumentera. Det er såleis ikkje lett å identifisera låtane som blei spelt. Det betyr eigentleg ikkje noko, for den reisa desse tre tek publikum med på er eigentleg ikkje staka ut på førehand. Nokre vardar er det i terrenget, men det blir teke mange avstikkarar. Likevel trur eg startpunktet var som på plata – «Reconstructing A Dream». Det tok ikkje lang tid før Henriksen var i gang med å byggja opp lag på lag med loopar som dei tre kunne kommentera. Det skifter fort frå det komplekse og ekspressive til det vare og gjennomsiktige. Rossy må vera den ideelle trommeslagaren til denne dynamiske berg og dal-banen. Det er også fascinerande å høyra Bro og Henriksen i desse heilt nedpå samspelssekvensane. Det minimalistiske uttykket syg til seg merksemd.

Ein fullsett Auditorium di Piazza della Libertà visste kan dei kom til og sette pris på det dei fekk servert. Ekstranummeret «Sound Flower» blei krydra med innslag av norsk folkemusikk og sitat frå «Con te partiò». Litt publikumsfrieri er berre sjarmerande.

Fred Hersch Trio med Drew Gress på bass, Joey Baron på trommer og Hersch sjølv på piano opna første konsert i den staslege Teatro Donizetti (oppkalla etter den kjende komponisten frå Bergamo) før dei fekk selskap av Enrico Rava på flygelhorn. Trioen opna med Glenn Campells vemodige «Wichita Lineman» og følgde opp med Hersch eigen «Stuttering». Første låt med Rava på scenen var «Child’s Song» også signert Hersch. Eit nydeleg tema som både Rava og Hersch fekk mykje ut av. Høgdepunkta i konserten var likevel standardlåtane «The Song Is You» og «Getting Sentimental over You». Også her var det tydeleg at dei to solistane gira kvarandre opp. Dei følgde opp med ein rocka Rava-låt der Rava utfordra Baron i ein trading-sekvens og Gress slapp til med eit særs inspirert basskor. Etterpå var det duka for Monks «Well You Needn’t» før dei avslutta med «The Theme». Ekstranummeret stod Rava og Hersch for. Ein nydeleg ballade som gjorde ein svært lang versjon av. Det var meir enn tydeleg at desse to fann hugnad i kvarandres selskap.

Jeff Ballard har prøvt det meste som trommeslagar og jobba med Ray Charles så vel som Chick Corea. Med bandet Fairgrounds tek han eit nytt steg og leiar ein kvartett med tre medmusikantar som er ein god del yngre enn kapellmeisteren. Ballard høver godt i denne «Art Blakey-rollen». På plata «Fairgrounds» har han med seg ganske meritterte musikarar, men på vegen er det altsaksofonist Logan Richardson, gitarist Charles Altura og bassist Joe Sanders han deler scene med. Dette er slett ikkje førstereisgutar, og dei har eigne plater og band å visa til. Repertoaret Ballard & Co var ein miks av eigenkomponert og låtar av Booker Ervin, Ornette Coleman («Chronology») og argentinske Guillermo Klein. Richardson hadde eit par utblåsingar som både Ballard og publikum sette pris på. Underteikna blei mest fascinert av Altura som med stoisk ro og frapperande teknikk serverte den eine solistiske perla etter den andre. Høgdepunktet på konserten var likevel ein lengre trommesolo av sjefen sjølv. Det tok ikkje lang tid før eg forstod kva han skulle med to skarptrommer i oppsettet (sjølv om konsertlokalet og skarptromme ikkje er på lag). Spesielt ein sekvens med pressvirvlar var magisk. Også her forlangte publikum ekstranummer, og Ballard takka for den varme mottakinga på rimeleg bra italiensk!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Foto Luciano Rossetti © Phocus Agency


Fred Hersch og Enrico Rava


Jeff Ballard – Fairground: Charles Altura, gitar, Joe Sanders, bass, Jeff Ballard, trommer, Logan Richardson, saksofon

Skriv et svar