Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Sylvie Courvoisier «Poppy Seeds» – kammerjazz på øvste hylle

JAZZFEST BERLIN, 3. NOVEMBER 2024: Darius Jones’s fluXkit Vancouver (it’s suite but sacred) drog i gang fjerde og avsluttande dag på festivalen med eit tingingsverk frå kunstorganisasjoenen Western Front i Vancouver. I ein samtale med Peter Margasak før konserten kunne ikkje Jones få fullrost Vancouvermiljøet nok for måte dei hadde teke i mot han og tilrettelagt for komposisjonsprosessen. Musikarane i strykekvartetten, Jesse og Josh Zubot (fiolin), Peggy Lee (cello) og James Meger (bass) er frå Vancouverområdet. I tillegg hadde Jones (altsaksofon) med seg Gerald Cleaver (trommer). Dei spelte suiten fluXkit Vancouver (it’s suite but sacred) (We Jazz, 2023), og spesielt opningsdelen «Fluxus V5T 1S1» var på alle måtar ei hylling til Anthony Braxton, både linjene Jones spelte og tonen i saksofonen var som snytt ut av nasen til Braxton. Strykekvartetten Jones hadde funne i Vancouver hadde særs høg kvalitet og brørne Zubot hadde båe ei virtuos og fandivoldsk tilnærming til oppgåva.

Suiten var veldig variert, og strykekvartetten fekk mykje plass som kvartett, men i ein del sterke parti dominerte Cleaver og Jones til ein slik grad at ein kunne sjå kva brørne Zubot og Peggy Lee spelte, men ein kunne ikkje høyra det. Dette er ikkje noko ein kan lasta lydteknikar for. Her må Jones som kunstnarleg ansvarleg, ta ansvar.

Poppy Seeds er det nye prosjektet til Sylvie Courvoisier (piano), Patricia Brennan (vibrafon), Thomas Morgan (bass) og Dan Weiss (trommer). Det er berre besetninga som minner om legendariske Modern Jazz Quartet. At kombinasjonen vibrafon/piano fungerer, har ein etterkvart mange døme på. Dette er eitt av dei. Sjølv om Brennan og Courvoisier har eit noko samanfallande temperament i spelet sitt så var det aldri tale om å gå i vegen for kvarandre. Faktisk var dette ein av dei beste konsertane om ein vurderer det etter PA-lyden aleine. Konserten var totalt sett ein triumf frå A til Å. Musikken Courvoisier har skrive er variert på mange vis og i konserten slepte orkesterleiaren til dei ulike orkestermedlemene til på demokratisk vis, og ein annan ting deler kvartetten til Courvoisier med MJQ – dette er kammerjazz på øvste hylle.

Kl. 21.30 avslutta Otomo Yoshihide Special Big Band: «Stone Stone Stone» den 61. Jazzfest Berlin. Bandet har fått kultstatus og består av Otomo Yoshihide (gitar), Kondo Tatsuo (tangentinstrument), Okuchi Shunsuke (akkordion), Kawai Shinobu (bass), Kobayashi Takefumi (trommer og perkusjon), Itoken (trommer), Aikawa Hitomi (perkusjon og marimba), Sachiko M (elektronikk), Saito Kan (fløyte og pikkolofløyte), Inoue Nashie (klarinett), Egawa Ryoko (saksofon), Suzuki Hiroshi (saksofon), Higashi Ryota (saksofon), Sato Shutoku (trompet og flygelhorn), Imagome Osamu (trombone) og Kimura Jinya (tuba). Her er så å seia alt lov. Det blir flørta uhemma med populærmusikalske vendingar, og ein av kioskveltarane er Bacharachs «I Say A Little Prayer», men ikkje noko er gjort rett fram, og oftast må musikken tilførast eit støyelement, men det skal Yoshihide og musikarane hans ha, her var ikkje mykje ironi å spora, og aldri har eg sett så mykje dirigering i eit storband – alle dirigerte på eit eller anna tidspunkt. Eg trur konklusjonen må bli – det var ei oppleving.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Fabian Schellhorn © Berliner Festspiele

Darius Jones’s fluXkit Vancouver (it’s suite but sacred)


Otomo Yoshihide Special Big Band