Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ANGELS

«A Muted Reality»
CLEAN FEED, CF600CD

Angels dukkar opp i ulike utgåver, og her er bandet ein oktett. Musikken er teken opp på BAS bandhagen, ein intim scene sør i Stockholm, to kveldar i fjor vår. Plata består av tre låtar skrivne av primus motor Martin Küchen. Arrangementa er kollektivt laga, noko er ganske spontant skapt, vil eg tru.

Tittelkuttet «A Muted Reality» byrjar som musikk til ein gravferdsprosesjon med ein drone, ein enkel akkord på pianoet og temaet servert på muta trompet, men musikken utviklar seg sakte og blir meir intens over eit strekk på over 15 minuttar, men det er ikkje ei minimalistisk utvikling. Musikken skrid fram i sekvensar og skapar eit enormt løft. Det lange pianokoret som dannar midtpartiet representerer eit slags omdreiingspunkt, og i siste delen innleier Küchen det som blir ei kollektiv utblåsing før det heile legg seg til ro og ein, for ei stund, vender attende til utgangspunktet. Slutten sameiner det melodiske, energien og strukturen som ein finn gjennom dei ulike delane av stykket.

«The Hidden Balcony» låner frå balkansk musikk både tematisk og harmonisk, men rytmisk og i utforminga av arrangementet går tankane til Chris McGregor’s Brotherhood of Breath. Etter knapt halvgått løp slår bandet av og dei byggjer opp att med ein hymne ala Carla Bley med Mats Äleklint i «pole position». På slutten aukar tempoet og rytmikken endrar seg og det heile endar i eit regissert kaos.

Plata blir runda av med «Fkk Down, Fkk Off», ei hylling til Charles Mingus. Annleis kan ein ikkje tolka det. Her er pastisjen påtakeleg, men aldri klein. Som i tilfellet Mingus er referansane til jazzsoga kombinert med stilistiske brot og humoristiske kommentarar, og sjølvsagt svingar det aldeles herleg. Eit verdig punktum på ei gjennomført plate.

Lars Mossefinn

Magnus Broo (tp), Goran Kajfes (tp), Mats Äleklint (tb, susafon), Martin Küchen (as), Mattias Ståhl (vib), Alexander Zethson, (p, Juno 106), Johan Berthling (b), Konrad Agnas (dr)

Skriv et svar