Om det er besetninga i trioen Jahnel siktar til som konstant, skal vera usagt, men faktum er at det var Miguel og Howard han hadde med på den førre ECM-utgjevinga, «Equilibrium» (2012). Musikken er i alle fall ikkje konstant. Som komponist utforskar Jahnel nytt terreng og sjenerer seg ikkje for å blanda ei mengd stilelement på ei og same plate. Det er eit gjennomgåande impresjonistisk preg på musikken, men innimellom tek det ut i 4/4 swing.
Plata blei spelt inn i Rainbow Studio i april i fjor og inneheld i alt åtte låtar. Alle er signerte Jahnel. Den tyske og Berlin-baserte pianisten har også sterk interesse for matematikk og hevdar at dette har innverknad på korleis han komponerer. Det er mogleg at dette let seg registrera i den finurlege «Part of The Game». Det som i alle fall er sikkert, er at Howard gjer gagns arbeid bak trommene.
Det er eit lydhøyrt samspel som pregar musiseringa, og Jahnel er sjenerøs med solistisk rom for alle tre, men det er heile tida fint innramma. Plata har mange fine augneblink, men tour the force er den ni og eit halvt minutt lange «Mirrors». Denne låten er eit verk i verket der ulike motiv elegant er skrudd saman til eit fascinerande heile. Equilibrium skapte forventningar. Etter ei ventetid på fire år er det hyggeleg å slå fast at Benedikt Jahnel, spanske Antonio Miguel og canadiske Owen Howard leverer som forventa.
Lars Mossefinn
Benedikt Jahnel (p), Antonio Miguel (b), Owen Howard (dr)