Den førre utgjevinga til Julia Hülsmann på ECM var ein attraksjon på fleire vis. Ho hadde laga eit temaalbum med Kurt Weills amerikanske songbok, og fekk makelaus draghjelp av vokalisten Theo Bleckmann. «Sooner and Later» er ikkje ein mindre attraksjon, men av heilt andre grunnar.
Hülsmann har med seg den faste trioen sin, og denne eininga er ei vel samansveisa eining. Det høyrer ein heile vegen. Det er noko sjølvsagt over samspelet som manifesterer seg når musikarar har spelt saman ei tid. Hülsmann og Muellbauer har samarbeidd heilt sidan studiedagane på byrjinga av 90-talet, og Köbberling har vore med i trioen i omlag ti år, heilt frå første trioplata på ECM «The End of a Summer».
Stoffet denne gongen er komponert av medlemmene i trioen med to unnatak. Nemneverdig er tolkinga deira av Radioheads «All I Need», men kanskje i endå sterkare grad komposisjonen av den kirgisiske komponisten Rysbay Abdykadyrov «Biz Joluktuk». Sistenemnde er ein låt med ein intro som er som snytt ut av nasen på Grieg og hans folkemusikkbearbeidingar. Den rubato og meditative tolkinga er platas høgdepunkt, og det seier ein del, for her er mykje stoppa opp ved!
Muellbauers «The Poet (for Ali)» er eit glimrande og melodisk vakkert døme på kor fritt dei går inn og ut av rollar. Som på dei andre trioplatene deira, er det ikkje rom for virtuose egotrippar. Solistisk rom er her, men dette er underordna den pågåande trevegssamtalen. Stor kleinkunst!
Lars Mossefinn
Julia Hülsmann (p), Marc Muellbauer (b), Heinrich Köbberling (dr)