Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

MASSON / VALLON / MORET / FRIEDLI

«Travelers»
ECM 2578

Sveitsiske Nicolas Masson er med i den kollektivt leia trioen Third Reel. Den trioen har bak seg eit par plater på ECM. No er Masson ute med eigen kvartett og eigen musikk. Ni låtar er det funne plass til.

Med seg har han tre landsmenn. Pianisten Colin Vallon har ei eiga ECM-karriere. Han og er også pianisten til vokalisten Elina Duni. Det er ein rutinert gjeng. Dei har arbeid saman i denne kvartetten sidan 2008.

Mykje av musikken kan plasserast innanfor ein post-Coltranetradisjon der Masson stort sett trakterer tenorhornet i låtane som bevegar seg raskare enn balladetempo. Eg saknar temperamentet i deler av dette materialet. I låten «Jura» blir dette nesten påtrengjande.

Balladane, som det finst fleire av, er likevel det absolutt vakraste på plata. Spelet til Vallon er hovudgrunnen til at balladane står fram som særleg minneverdige. Han tilfører låtane ein ekstra dimensjon gjennom overraskande harmoniske vriar og ei framifrå evne til å tenkja heilskap. «Philae» er eit fint døme på Vallons modus operandi. I «Almost Forty» følgjer Moret og Friedli fint opp, og dette kuttet illustrerer godt kor samspelte denne trioen er. Sistnemnde har eit eige handelag med vispar og cymbalar.

Tittelkuttet er nok ein ballade der Masson trakterer sopransaksen i duett med Vallon. Her er det fullt fokus på komponisten og hans eiga utbrodering av tema. Klarinetten nyttar Masson unisont med pianoet i den harmonisk frie «Blurred» som er nok eit prov på mangfaldet i komponeringa til Masson.

Plata inneheld mykje å gleda seg over, men også uforløyst potensiale.

Lars Mossefinn

Nicolas Masson (ts, ss, cl), Colin Vallon (p), Patrice Moret (b) og Lionel Friedli (dr)

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.