Den 42 år gamle engelske pianisten Neil Cowley (NCT) er ute med den femte plata i løpet av åtte år. Cowley står også bak fire plater i tillegg under bandnamna Fragile State og Pretz, kan ein slå fast at Cowley får ting unna. Når ein også minner om at han har vore gjestetangenttraktør med Brand New Heavies, Gabrielle, Zero 7 og Adele, blir CVen endå meir imponerande.
Med triodebuten «Displaced» fekk Cowley The BBC Jazz Award. Samanlikninga med trioar som EST og Bad Plus gjekk att i meldingar av plata. «Touch And Flee» er ei vidareføring av konseptet slik det manifesterte seg allereie på debutplata. Det er noko attkjenneleg med dei ni Cowley-låtane som fyller denne plata, og inspirasjonskjeldene er dei same. Ein burde kanskje leggja til at trioen til tider minner om In The Country (ITC). Neil Cowley Trio (NCT) prøver som ITC å byggja ein musikalske dramaturgi over eit lengre tidsforløp, men NCT er ikkje i nærleiken av den intensiteten den norske trioen skapar. Elles blir dei fragmenterte tema og den tighte rytmikken ei tvangstrøye som låser musikken og gjer mange av dei improvisatoriske tilløpa halvvegs.
Likevel er det fleire fine komposisjonar og korte sekvensar med musikalske samtale som er verd å lytta på. Skikkeleg bra blir det når trioen overskrid sine sjølvpålagte grenser i «Couch Slouch». Slik burde det vore meir av.
Lars Mossefinn
Neil Cowley (p), Rex Horan (b), Evan Jenkins (dr)