Norsk salmetradisjon og amerikansk gospel går opp i ei høgare eining i plata Salmeblues. Det er noko reierrud’sk over prosjektet, men Ekse er ikkje redd for å gje seg i kast med eit repertoar som er tolka opp og i mente.
Ekse er ein vel kjent musikar i vestlands-regionen der han vore med å setja sitt preg på fleire band, m.a. Ekse Experience, Kim Fairchild Band og Rotfast. Det han gjer på Salmeblues er ei ny røynsle. Likevel høyrest det ikkje ut til å liggja utanfor komfortsona hans.
Prosjektet byrja med eit samarbeid med kantor i Fana kyrkje, Ann Toril Lindstad. Dei to har av til musikkinnslag saman ved gudstenester. Ekse fekk seinare høve til å øva i kyrkja og blei etterkvart svært begeistra for akustikken. Han gjorde opptak, og tok desse med til Havnelageret studio der han arbeidde vidare med opptaka saman med musikarane på plata.
Dei ti låtane er omslutta av to lydcollagar som skapar inntrykket av å gå inn og stiga ut or musikken. Gitaren og gitararrangementa står heilt sentralt i musikken, naturleg nok. Ikkje berre er dette hovudinstrumentet til Ekse, men han har også med seg Alexander Knudsen og Bjørnar Ekse Brandseth.
Sjølv om repertoaret har blitt tolka av ei mengd sentrale artistar, prøver ikkje Ekse seg med søkte arrangementsmessige grep for å framstå som original. Tvert om er det ei rett-på-sak tilnærming kombinert med ei kontemplativ ro som avtvingar respekt. Det minimalistiske gitarspelet til Ekse er ein nøkkel til at dette er blitt så bra som det er. «Velt alle dine veier» er eit illustrerande døme. Saman med Stevie Winwoods «Can’t Find My Way Home» er dette platas høgdepunkt – i tillegg til den atypiske «Idle Moments».
Gitaristen Ekse er hakket kvassare enn vokalisten. I «Soul of Man» gjev han scenekanten til Ringsby. Skulle Ekse sysla med tanken om ein oppfølgjar, kan han gjerne gjera dette oftare. Så bør ein kanskje først og som sist slå fast at «Eg veit ei himmerik ei borg» med fordel kunne vore redigert vekk, men det endrar ikkje hovudinntrykket – Ekse har laga ei plate det er verd å lytta til også utanom adventstida.
Lars Mossefinn
Oddvar Ekse (guitar, vocals, bass, oud), Lars Hammersland (keyboards), Bjørnar Ekse Brandseth (slide guitar, steel guitar), Alexander Knutsen (guitar, FX), Ann Toril Lindstad (church organ grand piano), Annelise Ringsby (vocals), Kåre Opheim (drums)