Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

SINNE EEG & THOMAS FONNESBÆK

«Staying in Touch»
STUNT RECORDS, STUCD21072

To framifrå danske musikarar har sett seg i stemne og tolkar åtte nye og ikkje fullt så nye klassikarar. I tillegg har Fonnesbæk levert «Spring Waltz» og «Orphans» og Eeg bidreg med «The Streets of Berlin». På tre av kutta får dei følgje av ein strykekvartett. Arrangementa er diskrete og ikkje banebrytande på noko vis, men dei fungerer fint som avveksling i lydbilete. Best fungerer strykekvartetten på Eeg-låten, faktisk så pass at han kvalifiserer til vera høgdepunktet på plata.

Kommunikasjonen dei to imellom er tett og på tå hev, og det er ein rytmisk spenst i uptempo-låtane som er ein fryd å høyra på. Tolkingane ligg relativt tett på utgangspunktet, men dei greier å tilføra det velkjente repertoaret noko personleg. Lytt Til dømes på den kjenslevare tolkinga av Lennon/McCartney-klassikaren «The Long And Winding Road». Nydeleg!

Lars Mossefinn

Sinne Eeg (v), Thomas Fonnesbæk (b), Andrea Gyarfas Brahe (vio), Karen Johanne Pedersen (vio), Deanna Said (viola), Live Johansson (c)

Skriv et svar