Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

TONY MALABY’S TUBACELLO

«Scorpion Eater»
CLEAN FEED CF 318CD

Wow! Rett nok kom plata i 2014, men det bikka 2015 før eg for alvor byrja å lytta Malabys siste innspeling. Dette er pur glede. Her kan det meste skje, og alt gjev meining. Dette er musikalsk laussnøkøyring!

Malaby har hatt trioar der enten cello eller tuba har vore ein del, men med Tubacello-bandet har han drege vekslar på kombinasjonen. Det skadar heller ikkje at dette er musikarar som kjenner kvarandre rimeleg godt.

Malaby har skrive fem av låtane. Dei tre andre musikarane har i fellesskap ansvar for den skjette låten «Fur». Sistnemnde er ein fri, varleg og søkjande komposisjon som nærast fungerer som ein Overture til «March (for Izumi)» (Izumi Uchida var Malabys agent til ho døydde 6. januar i fjor) som etter tema byggjer opp eit putrande fundament for eit lengre soprankor der Malaby på kjent vis vekslar mellom dei krystallklare formuleringane og det å pressa instrumentet til yttergrensene. Den saumlause vekslinga er magisk. Elles må det seiast at musikken først og fremst er ein lagsiger. Det uanstrengte samspelet og dei mange fine arrangementsdetaljane er berebjelkar.

På den mørkare og rustikke sida finn ein flegmatisk svingande «Buried». Den frie, klangutforskande «Beaded Braid» avsluttar rett så ljost og optimistisk. Her er noko for eit kvart høve. Malaby & co har laga festjazz for kvardagen!

Lars Mossefinn

Tony Malaby (ts, ss), Dan Peck (tuba), Christopher Hoffman (c), John Hollenbeck (dr)

Skriv et svar