På skive

TRIO MEDIAEVAL & ARVE HENRIKSEN

«Rímur»
ECM 2520

Trio Mediaeval og Arve Henriksen har laga ei plate med repertoar som søkjer attende til og inkluderer monofonisk sakral song frå Sverige, Noreg og Orknøyane («St. Magnushymnen» er rett nok tostemt), islandsk tvísöngur, svenske og norske folketonar, ein brureslått etter Anders Sagen og den vanvitig vakre svenske sjømannsvisa «Du är den førsta». Musikarane har jobba med dette prosjektet sidan 2007. Har du vore på konsert med trioen i denne perioden, har du nok slumpa til å høyra deler av repertoaret.

Landnåmabok er ei bok skriven av ukjend forfattar på Island og fortel om innvandringa frå Noreg til Island i perioden 874-930 (Fleirtalet av kvinnene kom områda i og rundt Irskesjøen iflg. DNA-testar). Boka er ei uvurderleg kjelde til kunnskap om det ein kallar landnåmstida. Sentralt i denne soga står den første innvandrar som var den fredlause Ingolf Arnarson frå Rivedal ved Dalsfjorden i Sunnfjord. I 1907 sett ein opp ein statue av Arnason i Reykjavik, og i 1961 sette ein opp ein kopi av statuen i Rivedal. I 2007 vart statuen ljossett, og då deltok musikarane i innviingsseremonien.

Musikarane har stått for alle arrangementa. Dei har ei makelaus evne til å gjera det enkelt (her brukt som eit antonym til kompleks, ikkje vanskeleg). Med dette gjennomførte minimalistiske grepet får dei fram dei absolutt sterkaste sidene ved dette samarbeidet, nemleg estetikken i dei små nyansane. I denne samanhengen kunne ein mest brukt kvart eit kutt som referanse! Likevel er det noko med St. Sunniva-hymnen «Eterna Christi munera» som er mest forgjerande. Den sakte Balkaninspirerte vibratoen er hypnotisk.

Her er det aldri snakk om utagerande musisering. Det betyr ikkje at det er sterke kjensler i sving. Ein spelar på eit breitt men finkalibrert register. Konstellasjonen har ikkje sin make kor ein fer i verda. Måtte det bli endå fleire rim og regler frå den kanten!

Lars Mossefinn

Anna Maria Friman (v, hardingfele), Linn Andrea Fuglseth (v, shrutiboks), Berit Opheim (v) og Arve Henriksen (tp)

Skriv et svar