I en pressemelding fra Vossa Jazz i dag, avlyser Vossa Jazz årets festival på grunn av korona-viruset.Dette er den første av de nordiske jazzfestivalene som avlyser i år. Hvor mange andre som må gjøre det samme, står igjen å se.
Her er den korte pressemeldingen som tikket inn for få minutter siden:
Grunna utbrotet av korona-viruset og nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen i Voss herad, har me diverre måtta ta den tunge avgjerda å avlysa årets Vossa Jazz, 3. – 5. april. Vossakveik 2. april er òg avlyst.
Me ynskjer å bidra til å avgrensa smitteutbrotet og vil prioritera omsynet til folk som er i risikogruppa.
Vossa Jazz jobbar med å løysa utfordringar dette vil skapa for festivalen og dei involverte. Me ber om forståing for at ikkje alle svar er klare per no, mellom anna spørsmål kring refundering av billettar.
Informasjon vert lagt ut fortløpande på heimesida og i sosiale media.
– Det er ei tung avgjerd, men me må forhalda oss til styrande retningslinjer. Vossa Jazz er sjølvsagt oppteken av å bidra til avgrensa smitteutbrotet. Me kjem sterkt attende i 2021, seier dagleg leiar Trude Storheim.