Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz 2025 – attende på sporet

KOMMENTAR: Særmerkt for dei norsk jazzfestivalane dei siste 50 åra er ein balansegang mellom masseappellen og det kunstnarleg lødige. Nede på kontinentet finn ein profilerte festivalar som har ein langt meir spissa programprofil.

Etterkvart som alle norske festivalar i varierande grad, men i hovudsak er blitt regionale happeningar, har denne balansegangen blitt særleg utfordrande. Jazzfestivalane har teke ulike grep, og i mange tilfelle har omstenda peikt ut vegen vidare.

For det meste har dei sentrale jazzfestivalane utvikla kunstnarlege profilar som har sameint breidde og spissing på heldig vis. Nattjazz tok for ein del år sidan eit medvite val om å finpussa profilen. Sikkert godt hjelpt av Bergenfest, men likefullt eit heldig og klokt val. Moldejazz fann sitt sesam-sesam og ei Sareptas krukke i Artist-in-residence-konseptet, og Vossa Jazz har heile tida hatt tingingsverk med omland og ein folkemusikkprofil «…som er der, men som det heller ikke blir for mye av», som Kjetil Møster uttrykte det i samtale med Audun Vinger sundag føremiddag.

Vossa Jazz 2024 var heilt topp sett med jazzbriller (i alle fall mine briller), men billettsalet tydde på at festivalen var i ferd med å ta ubalanse. Festivalen nærma seg det smalare kontinentale festival-konseptet. Festivalsjef Roger Urhaug, produsentane Kristin Glück-Evensen og Silje Halstensen, styret og rådet tok grep, og vips var Vossa Jazz attende med naudsynt breidde og appell.

Utselde konsertar hadde ein både fredag og laurdag, men framleis med hovudfokus på den profilerte opningskonserten, tingingsverket og ei rad spesialprosjekt. Vangskyrkja vart brukt som konsertarena som aldri før, og ærverdige Ungdomshallen blei også teken i bruk. Framleis er det utfordringar i programmeringa. Konsertkollisjonar er vanskeleg å unngå, og Kjetil Mulelids Agoja kl. 23.30 i Gamlekinoen er ikkje optimalt, men i sum var programprofil og kvalitet på gjennomføringa på eit slikt nivå at det lovar godt for framtida. Norma Winstone og Kit Downes i Vossa-salen kl. 21.30 laurdagskvelden og Nawar Alnaddaf solo i Vangskyrkja sundag kl. 16.00 vitnar naudsynt dristigheit i programmeringa, noko som også gjev eit fint frampeik. Vossa Jazz var definitivt attende på sporet.

Lars Mossefinn