I dag kom en trist melding fra «vårens vakreste eventyr», Vossa Jazz, som skulle vært arrangert i palmehelga, om at de på grunn av koronapandemien må gå til det skritt å avlyse festivalen – for andre år på rad. Den korte pressemeldinga fra festivalen lyder som følger:
«På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen.
På bakgrunn av tilrådingar frå styresmaktene og den uvissa me alle står i, vurderer me det slik at det rett og slett ikkje er forsvarleg å skipa til festival i Palmehelga.
Alle billettar til årets festival vil verta refunderte.
Det finst heldigvis eit lyspunkt i mørket: me planlegg å skipa til den 48. Vossa Jazz allereie i haust; 24. -26. september!
Me har stått i uvissa i over eit år, men planlagt for å kunna gjennomføra i Palmehelga. No vart skjera i sjøen for mange og høge og me vel å avlysa festivalen. Men me gjev oss ikkje, no ser me framover og gler oss til å oppleva levande musikk frå fantastiske artistar. Fullstendig program må koma attende til, det er mange detaljar som må på plass, seier dagleg leiar Trude Storheim.
Me gler oss til å sjå alle flotte vossajazzarar – artistar, publikum, frivillige og andre besøkande – igjen på Vangen til hausten!»