Med Doggerland vidarefører Karlsen musikalske idear som også prega den førre plata, Transitt. Han er oppteken av komposisjonen, og det sentrale uttrykksmiddelet er gitaren. Karlsens prosjekt er prega av minimalisme der kvar detalj er nøye tenkt gjennom. Komposisjonen som sentrum i prosjektet blir illustrert og forsterka gjennom å inkludera strykarane Persen og Peterson og flygelhornisten Wagner. Kanskje eit neste steg for Karlsen er å skriva for ein større besetning?
Det er likevel trioen som er basis. Her er Karlsen komfortabel. Det skulle forresten berre mangla. Skage og Opheim var med han på førre plate, og dei to veit nøyaktig kva Karlsen er på jakt etter. Det er også dette eg tykkjer er det spenstigaste med plata – dei sakte, groovande stykka med delikat «blått» gitarspel og eit slepent komp som kan kunsten å halda tilbake. «Nomader» er eit av desse høgdepunkta der Wagner tilfører ein valør av vemod som passar perfekt inn. Ti av dei elleve låtane har Karlsen signert, og dei er alle prega noko ettertenksamt og kontemplativt. «Bølgje», ein rocka americanainspirert låt i medium tempo, har han laga saman med Skage og Opheim. Det hadde ikkje gjort noko om dei hadde utfordra kvarandre endå meir i studio den dagen.
Steinar Karlsen har teke endå eit steg med den nye plata Doggerland.
Lars Mossefinn
Steinar Karlsen (guitar, organ, synthesizer, bass, pedal steel), Morten Skage (bass), Kåre Opheim (drums), Sergio Wagner (flugelhorn), Mari Persen (violin), Jonas Peterson (violin)