Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Annbjørg Lien får Osaprisen for 2024

Annbjørg Lien har sidan midten av 1980-talet vore ein av dei mest sentrale utøvarane i norsk musikkliv. Ho har opna øyrene for hardingfela som instrument for eit heilt nytt publikum, og vore ein døropnar inn til folkemusikken for ein ny generasjon. Ikkje minst har ho vore svært viktig som førebilete for unge folkemusikarar, ikkje minst for alle kvinnelege utøvarane som har etablert seg i norsk musikkliv dei siste 30 åra.

Annbjørg Lien er ein uredd musikar som torer å gå eigne vegar. Gjennom 11 soloproduksjonar har ho utforska vegen frå tradisjonsmusikken ho har vakse opp med, til å skape sitt eige musikalske univers. Samarbeidsprosjekta ho har vore med på har vore mange, men særleg Bukkene Bruse har vore ein viktig del av det musikalske virket hennar. Det same har samarbeidet med Sondre Bratland vore. String sisters har også vore ein viktig del av den musikalske vegen hennar. Saman med fem av dei fremste kvinnelege felespelarane i nordisk og keltisk tradisjonsmusikk, har ho skapt musikalske band på tvers av landegrensene i snart 25 år. Ho har også hatt eit langt samarbeid med gitaristen Roger Tallroth.

Annbjørg Lien står i ei direkte musikalsk line etter Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990). Han våga å bruke hardingfela og tradisjonsmusikken til å nå ut til eit større publikum både nasjonalt og internasjonalt, og skape nye musikalske rom. Annbjørg Lien har skapt sine musikalske rom som har opna øyrene for nye lyttarar. Viktigast er likevel at ho har gjeve mot til stolte unge utøvarar med felekassa under armen.

Om Osaprisen
I samband med 30-årsjubileet til Osafestivalen vedtok styret i Ole Bull Akademiet å dele ut Osaprisen i 2024. Prisen har blitt gjeve ut med ujanmne mellomrom til personar som har brukt, henta inspirasjon frå eller fornya folkemusikken på ein framifrå måte. Prisen kan gjevast til ungdom under musikkutdanning som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i tradisjonell eller komponert/arrangert form, norsk komponist som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i sitt arbeid, eller den eller dei som gjer godt arbeid med å gjere norsk folkemusikk kjend i andre land.

Desse har fått prisen tidlegare:
Håkon Høgemo (1992), Agnes Buen Garnås (1994), Einar Mjølsnes (1997), Lasse Thoresen (1997), Einar Olav og Gjermund Larsen (2004) og Nils Økland (2010).

(Pressemelding frå Osafestivalen)