Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Benedicte Maurseths tour de force

OSAFESTIVALEN, VOSS, 28.-30. OKTOBER 2022: Tidleg oppe og seint i seng må hen vera som skal få med seg alt Osafestivalen har å by på.  Sjølv i det sparsame utvalet denne meldaren gjorde, var det flusst av høgdepunkt. Festivalprofilen har eit tyngdepunkt innan folkemusikken, men ser gjerne over gjerdet til samtidsmusikken. Det er såleis heilt naturleg å høyra den luxemburgske/austerrikske perkusjonisten Christoph Sietzen hakk i hel på Tuva Syvertsen.

Etter at Arne Hjeltnes hadde opna festivalen, tok Annbjørg Lien og Catriona MacDonald med band over. Lien og MacDonald hadde med seg Inge Thomson (trekkspel), Roger Tallroth (gitar) og James MacIntosh (trommer). Lien og MacDonald har vore vener sidan tenåra, og i 1998 danna dei bandet  String Sisters som i 2007 gav ut plata Live og Between Wind And Water i 2018. Repertoaret dei serverte, var henta frå dei to folkemusikktradisjonane, og etter eit par nummer var bandet skikkeleg varme i trøya. Fjerde låten var ei vise om Betty Mouat som 30. januar 1886 skulle sigla med fraktebåten «Columbine» til Lerwick, men som vart teken av stormen, mista mannskapet og ei veke seinare dreiv i land på Lepsøya på Sunnmøre. Dette blei slått stort opp i europeiske aviser, og Mouat fekk tilbod om å koma til London for å bli synt fram for pengar. Mouat avslo tilbodet. Den vakre visa blei sungen av Thomson.

Dei framførte så ein Tom Anderson-låt før dei følgde opp med ein reel-medley. Lien framførte Finn Kvalems omsetjing av Rhoda Bulters dikt «I vesterveg» (som ein finn på Knut Buens plate Attersyn) og høgdepunktet var Stella Sutherlands «Guest’s E’e» med melodi av Lisa Sinclair. Thomson framførte sambygdingens låt så utruleg kjenslefylt og med eit enkelt, hypnotisk komp på trekkspel. Dette blei den store festivalaugneblinken den kvelden.

20 magiske minuttar
Tuva Syvertsen
hadde i følge programmet fått i oppdrag å fylla 20 magiske minuttar. Å servera magi på bestilling er ikkje berre enkelt, men er det nokon som kan gjera det, så er det nettopp Syvertsen. Ho byrja med «Fader vår» berre for å sikra oss at me ikkje kom til helvete, som ho sa. Det er ikkje noko som lettar slik på stemninga som ei forsikring om at ein ikkje kjem til helvete, så då kunne ein ta med seg dei resterande 16 minuttane med seinka skuldrar. Ho følgde opp med Purcells «Dido’s Lament» («When I’m layed in earth»). Hennar eigen tekst «Slutte med alt» blei framført med nett så pass mykje fustrasjon som teksten forlangar. Så var det tid for Vysotskij på svensk, og ho runda av dei 20 magiske med «Nu Solen går ned» i tradisjon etter Ragnar Vigdal.

Eit dusin slagverksinstrument
Kontrasten kunne ikkje vore større. Overgangen frå Tuva Syvertsen til Christoph Sietzen utfordra publikums evne til omstilling. Sietzen var aleine på scenen, men i selskap med eit dusin slagverksinstrument. Konserten byrja med eit marimbaarrangement av Astor Piazzollas «Verano porteno». Arrangementet av Pius Cheung yter ikkje Piazzolla-komposisjonen rettferd, men det var også den einaste nedturen på konserten. «13 drums» av Maki Ishii, «The Source» (skriven for marimba) av Toshi Ichiyanagi, improvisasjonen på skarptromme som fekk tankane til å gå både til Max Roach og Han Bennik og «Rebonds B» av Iannis Xenakis var eit einast festfyrverkeri. Sjølv då skinnet på eine bongotromma sprakk, hadde Sietzen roen, henta nye trommer og heldt fram. Det var berre heilt naturleg at ekstranummeret heitte «Jodler für Willy».

Folkemusikaren som ville bli rockestjerne
Den finske trekkspelaren og «performanceartisten» Antti Paalonen var nok ei soloframføring, men toradaren og strupesongen høyrdest ut som eit heilt metall-band av ukjend legering. Konserten kunne også oppevast som performance med tittelen «Folkemusikaren som ville bli rockestjerne». Paalonen er ein miks av Kimmo Pohjonen og M.A. Numminen, dvs. skikkeleg trøkk i PA-en, metronomen konstant på «frenetisk marsj», men med kommentarar som er passe sjølvironiske. Det meste av musikken blir øydelagt av trampinga på ei treblokk med innebygd kontaktmikrofon. Eg har kjenningar som har ketsjup på all mat. Her var det ketsjup på alle musikkstykka, bortsett frå to. Det store høgdepunktet var «Breath»», komponert av hunden (ein cocker spaniel). Rørslene i belgen minner om tevinga til hunden. Om musikkstykket eller den verbale introduksjonen var høgdepunktet, er ikkje godt å seia. Paalonen avslutta med diskolåten «To blomar og ei bie». Då hadde eg fått nok ketsjup.

«Hia Hia»
Mattias Thedens
(fele, hardingfele), Oskar Lindberget (saksofonar), Richard Max (gitar), Jonas Thrana Jensen (bass) og Henrik Dullum (trommer) utgjer kvintetten Gangar. Inspirasjon hentar dei frå Hoven Droven, Shining, AC/DC og Meshuggah heiter det i programmet. Dei spelte «Hia, Hia» av førstnemnde og synte med det at dei har ein veg å gå før dei er på nivå med førebiletet. Dei har likevel ei speleglede og eit vinnande vesen på scenen som gjorde at dei tok det ungdommelege publikumet med storm, og litt ut i konserten byrja det heile å sitja betre. Ei hyggeleg stund med ein gjeng som har meir å gå på, men har eit stort potensiale!

Haldis Moren Vesaas i visedrakt frå Bordalen
Synneva Gjeland
fekk ei diktsamling av Haldis Moren Vesaas i åremålsgåve, og då ho gjekk på ein folkehøgskule i Sverige med viselinje (slikt finst!) byrja ho å setja melodi til nokre av dikta. Etterkvart er det blitt så mange tonesette dikt at ho kunne ta stoffet med på konsertscenen. Debuten fekk med på Osafestivalen. Gjelland hadde fått med seg Sam Baxter (fele), Johanna Seim (hardingfele) og Pål Jørgen Volan (bass). Sjølv trakterte Gjelland gitar, piano og hardingfele i tillegg til å syngja.

Dei byrja med det «Båten» frå debutsamlinga Harpe og dolk (1929). I tredje strofe serverer ho tematikken ganske rett fram: «Den båten der er eg sjølv just lik!/Eg møtte glad alle havsens fårar./Eg låg i land i ei einsleg vik,/eg sleit i bandet i tjuge vårar!» Neste dikt ut var det ambivalente «Dikt og du» frå Strender (1933). Mange av dei tidlege dikta til Moren Vesaas er alt anna enn ukompliserte, vilkårslause kjærleikserklæringar. Heller ikkje «Min unge sang» er ei hylling til livet og kjærleiken utan atterhald. Det pulserande kompet der strykarane spelar arpeggio er eit glimrande musikalsk bakteppe til teksten. Svartsjuka ligg rett under overflata i «Harpa og dolken». Her kunne Gjelland endeleg skaffa lokalavisa Hordaland eit fikenblad for overskrifta «Raddisrockaren frå Bordalen skal tolka Halldis Moren Vesaas». Også «Systrer» hadde ein del fine arrangementsdetaljar, m.a. ein vokalsekvens. «Avskil» brukar toget og togreisa som motiv i eit dikt om oppbrot og avskil. Her hadde Seim ein vakker solo. Avslutninga var «Tung tids tale» (1945) frå diktsamlinga med same namn. Det kollektivistiske temaet blei understøtta av ein ostinat i pianoet og vakkert og enkelt basspel. Dette er eit konsept som Gjelland og gjengen må utvikla vidare!

Systerspel frå Benedicte Maurseth
Korleis gjer eit historisk verk om kvinnelege hardingfelespelarar om til eit kunstverk på scenen? Det enkle svaret er: Gå å sjå Systerspel, vonleg kjem det til ein scene nær deg om ikkje altfor lenge. Benedicte Maurseth (hovedbilete) har jobba med prosjektet i årevis og funne framståande spelkvinner heilt attende til 1700-talet. Referanseverka teier om desse, men dei fanst, og dei var respekterte i si samtid.

Attende til spørsmålet. Gjennom regi, scenografi, ljos- og grafisk design, lydkollasj og ein forteljar og musikar på scenen skal desse kvinnene stå fram som levande menneske og kunstnarar i tider der vilkåra for folkemusikarar ikkje var som i dag, spesielt ikkje for den kvinnelege delen. Dette greier Benedicte Maurseth på meisterleg vis. Ho får fram fornedringa Blinde-Sigrid (Bolstad) opplevde som måtte berast rundt til speleoppdraga. Ikkje berre gjennom tekst, men også ein lydarslått som gjer denne lidinga tidlaus, men kjeldene syner sterke og sjølvmedvitne kvinner. Torbjørg Aas Gravali sine tankar etter kappleik på Voss i 1954 fortel om mannleg sjåvinisme og husmannsånd, men og om ei spelkvinne som visste kva ho var god for. Aller best er Maurseth då ho manar fram ein ljos levande 15-åring, Signe Flatin. På truverdig telemål les ho eit brev frå Flatin til familien heime om inntrykk og opplevingar ho hadde på turné med far sin. Minst like sterkt er det å oppleva ei pur ung og utruleg energisk Annbjørg Lien på skjermen i eit gamaldansprogram i regi av NRK, og på bass – Bjørn Kjellemyr!

Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.

Ulike tradisjonar
Erlend Viken trio
og Susanne Lundeng trio spelar med utgangspunkt i ulike tradisjonar, men å utvikla interessant samspel har dei til felles, og dette samspelet er i nokon grad improvisert. Viken & Co fekk det til tider til å høyra som om Ali Farka Toure hadde flytta til Oppdal, og i kompaniskap med Nils Olav Johansen (gitar) og Erik Nylander (trommer)  kan Lundeng leggja ut på interessante ekskursjonar.

Likesælt og pludrande plakatnamn
Eit av dei store plakatnamna dette året var det svenske folkemusikk-ikonet Merit Hemingson. I ein alder av 81 år er ho framleis aktiv. Eg skal vera så ærleg å tilstå at eg aldri har hatt sans for denne miksen av folkemusikk og taffeljazz som har vore Hemingsons varemerke. Jan Johanson og Jazz på svenska lyttar eg på med jamne mellomrom, men eg har ikkje ei plate av Hemingson i heimen. Konserten fekk meg ikkje til å forandra meining. Ho serverer vakre tema på løpande band, og det var krydder at Steinar Ofsdal sat inn på ein låt, men det er noko likesælt pludrande over uttrykket som ikkje talar til meg. Likevel skriv Osafestivalen 2022 seg inn i soga som ein av dei betre.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Knut Utler


Christoph Sietzen


Synneva Gjelland


Erlend Viken Trio med Sondre Meisfjord og Marius Graff


Benedicte Maurseth

Skriv et svar