MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, DAG 2, 27. MAI 2023: Enni Eventhalle kl. 14.00: Trondheim Voices, (hovedbilete) Sissel Vera Pettersen, Tone Åse, Natali Abrahamsen Garner, Heidi Skjerve, Anita Kaasbøll, Kari Eskild Havenstrøm, Siri Gjære, Torunn Sævik, Ingrid Lode (vokal) og Ståle Storløkken (live elektronikk) framførte verket til Ståle Storløkken og Helge Sten Folklore, eigentleg to verk slått saman til eitt på omlag ein time delt i femten deler der nokre element og idear dukka opp i fleire deler av verket. Storløkken og Sten har skrive eit verk fylt av streng askese. Saman med ei ljossetjing (ein modifikasjon av det ljosdesignet Ingrid Skanke Høsøien har laga til konserten) som i hovudsak gav oss konturane av koret og ei grunnoppstilling og rørslene til kormedlemene, gav dette publikum kjensla av å vera kikkarar innom klostermurane til eit hemmeleg nonnerituale.
I den grad ein med tittelen Folklore skapte forventning om eit verk som sveipa Norden og nordiske folkesong-tradisjonar, så blei ikkje desse forventningane innfridde, og like greitt var det. Nokre av delane kunne gje assosiasjonar til estisk korsong, Ärvo Pärt og finsk vokaltradisjon slik ein kjenner det gjennom uttrykket til gruppa Värttinä, men elles var dette vokalmusikk som stod inne i den romslege båsen samtidsmusikken.
Storløkken og Sten har brukt mikrotonalitet for å skapa nærast klaustrofobisk klangar. Koret framførte verket til tider med overveldande kraft. Det er vanskeleg å vurdera intonasjonen, men innsatsane var knivskarpe. Stort sett var det røystene som bar konserten, men på 9. delen tilførte dei perkusjon med alt frå klapping til gong. Deet er sjølvsagt i all hovudsak ein kollektiv manifestasjon, men Siri Gjære leverte ein solosekvens del sju som stod fram som eit høgdepunkt på konserten. Tor Breivik formidla lyden på framifrå vis. XX gjorde ein tilsvarande god jobb med ljoset.
AmViehtheater am Rodelberg kl. 15.20: Ganelin Trio Priority. Det har faktisk gått 37 år sidan eg først høyrde Ganelin Trio på konsert. Han er framleis imponerande vital. Vyacheslav Ganelin (piano, synth, elektronikk og trommer) hadde denne gongen med seg litauiske Petras Vysniauskas (sopransaksofon) og tyske Klaus Kugel (trommer). Sjølv om dette også er ein saksofon/piano/tromme-trio som originalen, er uttrykket no mykje meir styrt av Ganelin. Han brukar arsenalet av elektronikk/synth til leggja inn ostinatar i loop, spela basslinjer på synth med venstrehanda og på tredje siste låt til og med vera med på trommer. Vysniauskas får spelerom nok, men dette er først og fremst Ganelins show, men eit show det var triveleg å oppleva.
AmViehtheater am Rodelberg kl. 18.30: Selvhenter m/ Marilyn Mazur. Denne danske kvartetten som ved dette høvet var ein trio hadde med seg Mazur (perkusjon) som gjest. Dei tre i Selvhenter er Maria Bertel (trombone, synth og elektronikk), Jaleh Negari (trommer, xylofon og synth) og Anja Jacobsen (trommer og tangentar). Konserten byrja med Mazur som med shakers og ei lita indiansk strofe utvikla eit 20 minuttar langt solonummer før dei andre tre kom på scenen. Dei spelte to låtar som kvartett før trioen tok over i dei komande tre og Mazur kom på att til avslutningsnummeret. Musikken er sterkt rytmisk prega, og Bertel med den elektrisk modifiserte trombonen gjennom Marshall-racket pregar lydbilete og uttrykk. Eg fekk assosiasjonar til tidleg Morphine og Utla. Eitt er i alle fall sikkert. Mazur som gjest gjorde susen. Hennar leik med rytmikken inspirerte bandet og drog dei med seg til dei store høgder.
AmViehtheater am Rodelberg kl. 20.25: Blending contrasts. Dei to duoane David Friedman (vibrafon)/Drori Mondlak (trommer) og Jim Hart (vibrafon og marimba)/Florian Arbenz (trommer og perkusjon) slo sine køller og stikker saman i ein konsert med relativt lause rammer.
Det byrja med at Mondlak og Arbendz la eit pulserande underlag i beste Tony Williams-stil som Friedman og Hall leika seg på. Her var innslag av vibrafon-chase før dei avslutta med la ei rekkje spaca akkordar klinga ut på det skiftande rytmiske underlaget. Andre låt burde eg mogeleg kjent att. Eit lyrisk stykke som ganske raskt blei transformert til ein samtale mellom dei to duoane der kontrastane mellom dei to blei sett i fokus. Låten blei avløyst ein rask låt der dei framstod som kvartett, eller rettare alle mot alle. Ein gneistrande finale på ein konsert som på famlande vis fort fann forma.
Tekst og foto: Lars Mossefinn
Foto Trondheim Voices: Kurt Rade
Foto: Ganelin Trio: André Syrmann