Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Den frie improvisasjonens triumf

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, DAG 1,  26. MAI 2023: Moers Festival er skipa til sidan 1972. Som namnet seier ligg han i byen Moers i Nordrhein-Westfalen i landkrinsen Kreis Wesel berre sju km frå Duisburg. Byen har knappe 104 000 innbyggjarar og hadde ein enorm folkevekst etter andre verdskrigen då folketalet var på omlag 1/4. Byen har skifta mellom å ha borgarmeister frå SPD og CDU etter 1946.

Festivalen heldt til i slottsborga dei første åra, og f.o.m. 1974 har festivalen alltid blitt skipa til i pinsen. Festivalen vaks og brukte ein idrettshall og seinare eit kjempestort sirkustelt. Då eg vitja festivalen ein gong i midten av 80-talet, var konseptet med kveldskonsertar i teltet og «African Dance Night» i idrettshallen godt etablert. Dette heldt fram også etter at festivalgründer Burkhard Hennen gav seg i 2005. I Rainer Michalke si tid som festivalleiar bygde byen det som no heiter Enni Eventhalle. Dei store kveldskonsertane fann stad der, og ein del mindre konsertar rundt om i byen avløyste «African Dance Night».

Både Hennen og Michalke hadde teft og kontaktar som kuratorar som gjorde Moersfestivalen til ein av dei beste i verda. Å sjekka programma opp gjennom åra fortel dette i klarspråk. Hennen etablerte også eit plateselskap som brukte festivalkonsertane til å gje ut mykje bra musikk. Michalke utvikla programprofilen til å omfatta meir europeisk jazz, spesielt norsk.

I 2010 kom Michalke og kulturstyresmaktene på kollisjonskurs og førstnemnde valte å slutta fordi byen ikkje kunne garantera gode nok vilkår for den kunstnarlege utviklinga. Etter nokre turbulente år tok Tim Isfort over som kunstnarleg leiar i 2016. Den jobben har han framleis.

Dag 1
Annex kl. 19.00: Denne scenen er kunstnarkuratert og er sett saman av konstellasjonar av musikarar som elles er på festivalen og kan tenkjast å samarbeida. Slike konsept kan by på overraskingar. Først ute var ein kvintett Caroline Krabel og Luise Volkman (altsaksofon), Jan Krause (gitar), Elisabeth Coudaux (cello), Bex Burch (xylofon og perkusjon) og Maria Portugal (trommer). Konserten var delt i to lange strekk som gav rom for alle til å setja sitt preg, men konserten blei i stor grad prega av den stadig skiftande dialogen mellom dei to saksofonistane, Krabel som den aggressivt hakkande og Volkman som den meir forsonlege. Cello og trommer danna ofte ein akse, medan gitar og xylofon/perkusjon var kommentatorar på «sidelinja». Crescendoa kunne bli avløyst av stilla som var eit signal til dei fire andre om å ta initiativ. Konserten hadde dynamikk og drive, og ein kunne ikkje vita kva som skjedde rundt neste hjørne.

Konserten En même tempes med Lukas Ligiti i Enni Eventhalle blei det motsette, statisk, føreseieleg og keisam. Ikkje var lyden bra heller. Ligiti (son til Gÿørgy) hadde komponert og spelte noko elektronikk. I ensemblet elles var Jean-Luc Petit (kontrabassklarinett), Gaël Mevel (cello), Sophia Domancich (piano) og Thierry Waziniak (trommer). Eit strålande ensemble m.a.o., men det hjelper lite når rammene er så låste. Det den første konserten hadde av nerve og sitrande forventning, mangla fullstendig her.

Annex var også arena for ein serie korte spontankonsertar på sein kveldstid (kl. 22.00). På ny var Caroline Krabel (altsaksofon) på scenen, Gaël Mevel (cello) hadde fått av seg tvangstrøya frå førre konsert. Patricia Bosshard (fiolin) og Sandy Ewen (gitar) kompletterte kvartetten. Denne konserten var definitivt annleis enn konserten kl. 19.00. Her utvikla kvartetten i fellesskap ein sakteflytande straum av skiftande klangflater der dynamikken var langt finare kalibrert. Dei skapte eit minimalistisk uttrykk som fascinerte.

Tre kvarter seinare var det duka for høgdepunktet på opningsdagen. Tone Åse (vokal og elektronikk) fekk selskap av franske Isabelle Duthoit og Guylaine Cosseron (vokal) (hovedbilde). Eg les nettopp Anne Sverdrup-Thyesons fantastiske bok Insektenes planet og har nyss vore på konsert med Sigurd Hole der lydar frå regnskogen i Amazonas er eit viktig element. Eg fekk inntrykk av at desse to franske vokalistane hadde tileigna seg ein stor del av det lyduniverset som naturen kan varta opp med.

Åse fanga alle desse lydane opp, prosesserte og repeterte dei og la til eigne bidra. Det blei skapt ein magi av tre musikarar som har ei strålande evne til å lytta og gje relevante svar. Slutten blei lydsporet på ein fantasyfilm som enno ikkje er laga, men filmen trengs ikkje. Me har han på vårt indre auge enno.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Luise Volkman


Krabel-Mevel

Skriv et svar