Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Den ultimate festivalkvelden!

OSAFESTIVALEN, 26. OKTOBER 2024, DAG 2:. Konserten med Knut Reiersrud var annonsert som eit gjenhøyr med Tramp 30 år etter, men som Reiersrud hadde sagt til festivalleiinga: «Det går ikke. Enten er de som spilte på Tramp døde, eller så spiller de med Nils Petter Molvær». Publikum skal vera glade for at me fekk Knut Reiersrud anno 2024 i staden, og for dei som hadde gledd seg til Tramp-gjenhøyr. Dei fekk sitt dei også, både «You Ought to Treat A Stranger Right», «Fåreslåtten» og, sjølvsagt, «Tramp».

Det har runne mykje vatn i havet sidan Tramp så dagens ljos. Album-porteføljen til Reiersrud har vakse enormt sidan 1994, og mangfaldet er minst like imponerande. Me skal såleis prisa oss lukkeleg for at me fekk servert årets utgåve av Reiersrud og at han var i det assosierande hjørnet. Han serverte eit strekk på over ein halvtime der han var innom det meste og spelte på heile strengeregisteret. I denne delen hadde han lagt inn nemnde «You Ought to Treat A Stranger Right», ein støysekvens som tok det eitt steg vidare enn Beatles legendariske «A Day in The Life»-intermesso. Etter dette var det berre heilt naturleg å runda av med «Lille måltrost». Reiersrud  runda av med «Forspill», «Fåreslåtten» og «Tramp». Om ikkje ordspelet hadde vore så håplaust dårleg, kunne eg lagt til at publikum løna Reiersrud med langvarig trampeklapp.

Dei to korte «sceneskift-konsertane» laurdagen var med Kjell-Erik Eriksson (Hoven Droven og Triakel) og Emma Härdelin (Garmarna og Triakel). Eriksson tok for seg musikk etter den myteomspunne spelemannen Lapp-Nils Jonsson (1804-70). Fleire av låtane var i tradisjon etter den fremste Lapp-Nils-tolkaren, Olle Falk. Härdelin tok for seg den vokale folkemusikktradisjonen frå Hälsingland, mellom anna viser som skulle vekkja folk til ein ny arbeidsdag. Ho avslutta med ei drikkevise og ei humoristisk vise med ein erotisk undertone. Det skal vera lov å fri til publikum på ein laurdagskveld.

Eg har ikkje vore på konsert med Martin Hayes før. På plate og på video har eg høyrt han mange gonger, men å sitja to meter frå scenekanten å følgja kvar minste detalj i rørsler, mimikk og augekast mellom dei tre på scenen i det som må vera ein av dei betre konsertane i soga til Osafestivalen, er noko ein kan leva lenge på. Hayes hadde med seg Brian Donnellan på concertina og bouzouki og Jimmy Higgins på bodhran og skarptromme. Hayes kjem frå grevskapet Clare mellom Galway og Limerick på den irske vestkysten, og han hentar mykje av musikken frå heimlege trakter.

Under vegs blir ein berre medriven, hekta, bergteken og månebedotten, men i etterkant fell ein i tankar om kvifor dette er så bra som det faktisk er. Irsk musikk har erobra verda, og fleire irske musikarar er kjente og kjære verda rundt. Mangt eit amatørband har lagt sin elsk på denne musikktradisjonen, men det er først når du høyrer ensemble som Martin Hayes Trio ein forstår at det er skilnad på klinte og kveite. Fiolinistar kan sikkert gjera greie for det tekniske i spelet til Hayes, men hjå han må venstrehandsarbeid bety det motsette av det det betyr i dagleg tale. Samspelet dei tre i mellom er så sensitivt og treffsikkert at det knapt finst maken. Den rytmiske spenninga spesielt i partia i medium tempo er hypnotisk. Så kan ein gjerne seia at ein finn liknande kvalitetar hjå kammerensemble på dette nivået innan ein kvar musikksjanger, og det er eit privilegium å sitja ringside når slike spelar, men denne gongen skjedde det altså på Osafestivalen. Det er me takksame for.

Bjarte Eike og Barokksolistene (hovudbilete) har i lang tid vore oppteken av musikk, kultur og historie frå dei britiske øyar på 1600-talet. The puritan movement gjorde seg gjeldande i denne perioden, spesielt under styret til Oliver Cromwell, men også før og etter. Med programmet Alehouse-sessions har Eike og Barokksolistene drege fram ein musikktradisjon som måtte gå under jorda, eller søkja seg inn på skjenkestover i London og andre engelske byar grunna religiøst motivert undertrykking. The Dancer’s Brew er ei vidareføring av The Alehouse Sessions som gjesta festivalen i 2021, og som tittelen indikerer samarbeider Eike & Co med dansarar, nærare bestemt kvartetten Mamelukk. Silje Onstad Hålien, Silje Risdal Liahagen, Anita Vika Langødegård og Brigitte Blomlie tilførte konseptet ein fargesprakande dimensjon både som ensemble, men også som individuelle dansarar. Ikkje nok med det, dei bidrog også vokalt, Risdal Liahagen på imponerande vis. Hennar vokale bidrag gav framsyninga ein lyrisk dimensjon som både må tilskrivast den vokal prestasjonen hennar, men også at dei hadde vore så frie å sjå over Nordsjøen etter musikalsk tilfang. Koreografien drog sterke vekslar på element innan tradisjonell folkedans, men sjenerte seg ikkje for å dra inn element frå moderne gatedans m.m. Som ei trøyst til alle som kjenner at alder byrjar å tyngja, Steven Player (61) barokkgitarist og dansar i Barokksolistene gjorde seg slett ikkje bort blant dei superspreke damene. Nok ein gong ekstatisk trampeklapp! Dette viser at det går an å hoppa etter Wirkola.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Knut Utler


Knut Reiersrud


Marttin Hayes


Martin Hayes Trio


Barokksolistene og Mamelukk