Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fantastisk premiere på strykekvartettar av Tristan Honsinger!

JAZZFEST BERLIN, HAUS DER BERLINER FESTSPIELE, 2. NOVEMBER 2024: Klokka er 18.30, det er tid for musikk. Anna Högberg Extended Attack (hovedbilde) drog i gang tredje dag på festivalen med eit droneangrep som fekk sjølv støyvane tyskarar til å retta seg i ryggen. Anna Högberg (altsaksofon) hadde med seg Niklas Barnö (trompet), Elin Forkelid (tenorsaksofon), Maria Bertel (trombone), Per-Åke Holmlander (tuba), Dieb 13 (platespelarar), Lisa Ullén (piano), Finn Loxbo (gitar og sag), Kansan Zetterberg (bass), Gus Loxbo (bass og sag) og Anton Jonsson og Dennis Egberth (trommer) i XL-utgåva av dette velkjende bandet som ho har hatt gåande i ulike utgåver sidan 2016. Etter frontalangrepet der Forkelid leverte eit brettheitt tenorkor roa dei det heile ned med noko som kunne minna om ein sørgjemarsj etter ein fin dialogbasert intro mellom tubaist og bassistane. Det heile gjekk over i eit mellomspel med ein sag-duo. Høgdepunktet på den korte konserten (45 minuttar) var ein modal vamp der Höberg sette standarden og gav stafettpinnen vidare til Barnö. Det heile enda i eit inferno av ein trommesekvens. Siste låt ut var ein relativt kort sak bygd på eit skakt riffbasert tema. Her burde det ha vore rom for ein æresrunde og to.

Kl. 20.00, Kaiser-Wilhelm-Gedächtnis-Kirche: Tristan Honsinger (1949-2023) var ein amerikansk cellist og komponist som mange kjenner gjennom samarbeidet med Cecil Taylor, Derek Bailey, Sean Bergin og musikarane i nederlandske ICP. Honsinger hadde faktisk Amsterdam som base frå 1974 og blei ei kraft i det kreative musikklivet i byen. Etterkvart skulle Berlin overta som hovudbase. Honsinger var ein klassisk utdanna cellist og hadde heile vegen sterk interesse for italiensk musikk noko som gjorde at Trieste, byen der han og døydde, var ein tredje europeiske base for Honsinger. Under pandemien forlèt Honsinger Berlin og fann noko meir avsides og mindre smittefarleg og byrja å skriva musikk i stor stil. I 2021 skreiv han  Mystery String Quartet og to  strykekvartettar året etter. Desse arbeida hadde premiere med Malacoda String Quartet som er sett saman av Erica Scherl og Silvia Tarozzi (fiolin og vokal), Anıl Eraslan (cello og vokal) og leiar Antonio Borghini (bass og vokal).

Musikken var typisk Honsinger, fulle av assosiasjonar og innfall med stilistiske sprang som var heilt naturleg i Honsingers kunstnarlege univers. Her fekk vakre barokktema bryna seg mot frie atonale motsvar. Honsinger hadde gjeve Malacoda String Quartet speletekniske utfordringar der det raskt veksla mellom arpeggio og bogestrok av ulikt slag, men det stoppa ikkje der. Honsinger hadde for vane å bryta sitt eige cellospel med song. Her var det Erica Scherl som først fekk utfordringa, men i siste strykekvartett hadde Honsinger lagt inn noko som kan karakteriserast som opera buffa. Her fekk alle fire testa songrøysta.

Musikarane var som til dei grader inne i stoffet og det naivistiske kunstnaruniverset til Honsinger. Dei til tider absurde kontrastane serverte dei fire med avslappa autoritet, og alt blei framført med knivskarp presisjon. Dei let seg ikkje freista til å ta det heile ut noko form for slapstick-infisert performance (noko Honsinger sjølv kunne vera truande til), men heldt humoren på eit strengt less-is-more-nivå. Publikum var over seg av begeistring. Det var denne meldaren også.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Fabian Schellhorn (hovebilde), Lea Hopp (Malacoda String Quartet) © Berliner Festspiele


Malacoda String Quartet Plays Tristan Honsinger.